Eit bustadhus fekk store skader i yttervegg og tak etter brann seint fredag kveld.

Bustadhus brann

Ein privat bustad på Hestnesøyra fekk skader i tak og husvegg etter at det byrja brenne seint fredag kveld.

Naudetatane i Gloppen var raskt på plass og brannvesenet fekk raskt kontroll på og sløkt brannen, melder politiet.

To personar som var i huset fekk tilsyn av helsepersonell på staden, men var ikkje tekne med til vidare sjekk, heiter det.



Meldinga om brannen kom inn 23.36. Politiet omtalar skadane i tak og husvegg som store.

Det er tydeleg skader etter brannen i inngangspartiet, og i yttervegg og tak rundt.