Breim og Sandane skulekorps har hatt eit tett samarbeid dei seinare åra, til glede for begge partar. Til helga arrangerer dei Nordvesten og deltek også i konkurransen i lag.

Breim og Sandane tek imot 500 musikantar og drillarar

Breim skulekorps og Sandane skulekorps tek i helga imot 500 musikantar og drillarar frå heile fylket. Då arrangerer dei to lokale korpsa Nordvesten Sogn og Fjordane, ein fylkeskonkurranse for korps og drill.

Deltakande korps og drilltropper har lege i hardtrening i forkant av Nordvesten, og komande laurdag blir det mykje flott korpsmusikk å høyre i kultursalen i Trivselshagen. Konkurransen for drillarane vil finne stad i Firdahallen.

15 korps er påmelde

Dei to skulekorpsa frå Breim og Sandane samarbeidet ikkje berre om å vere arrangørar. Dei stiller også opp i musikkonkurransen i lag.

– Laurdag er konkurransedag. Arrangøren er først ute og startar på scena klokka 10.00. Deretter går det slag i slag utover dagen. Siste korpset skal vere ferdig klokka 17.00. I alt 15 korps er påmelde i musikkonkurransen, som er delt inn i janitsjar og brass, samt i ulike divisjonar. Sandane og Breim stiller i 3. divisjon janitsjar, og her er det to andre korps med, Nordfjordeid og Høyanger, fortel Bernt Reed, som er med i arrangementskomiteen.

Skei skulekorps stiller i konsertklasse med vurdering. Det gjer også Ålfoten Hornmusikk og Davik Musikklag.

– Vassenden skulekorps stiller i 3. divisjon brass saman med Kjølsdalen skulemusikk, Svelgen skulemusikk og Byrknes skulemusikk. Stryn skulekorps stiller i konsertklasse utan vurdering, fortel Reed.

Les meir i papirutgåva fredag.