Betre budde no

Når media i alle kanalar og på alle plattformer i dagevis fortel om ein stor orkan på veg, og ein i tillegg har gjeve han namnet Tor, kan jo det vere nok til å skræme fanden på flate mark.

Fredag ettermiddag og kveld kasta Tor seg over Vestlandet med brutal kraft, og spesielt ved kysten var vinden skikkeleg sterk, ja fleire stader den sterkaste som har vore målt. Fullt så ille var det nok ikkje innover i landet, men likevel lumske, sterke vindkast som gjorde litt skade både her og der.

Vi opplevde nok Dagmar som meir brutal enn sjølvaste Tor med hammaren. Det aller viktigaste er at det heller ikkje denne gongen gjekk liv tapt, men nokre fekk skader på grunn av stormen. Forsikringsselskapa melder om nokre hundre skader, men likevel eit langt mindre omfang enn Dagmar. Kraftselskapa fortel om langt færre og kortare utfall enn under juleorkanen.

Les heile leiaren i papirutgåva onsdag.