Tarjei Bjørkum Vereide vart toppscorar mot Bergen Vest. Arkivfoto.

Avslutta med stil

GHK-herrane slo søndag ettermiddag Bergen Vest 31-23 i det som var den siste heimekampen for sesongen.

Stillinga ved pause var 16-14 i heimelaget sin favør.

Tarjei Bjørkum Vereide vart toppscorar med åtte fulltreffarar. Edvin Øygard og Ørjan Sundal scora sju mål kvar.

Dette var den andre sigeren for GHK sesongen 2016/2017. Også den første kom mot Bergen Vest. Laget ligg likevel sist på 2. divisjonstabellen med sine fire poeng, og skal spele i 3. divisjon til hausten.

I dei to siste kampane ventar Stjørdals-Blink og Kristiansund på bortebane. Kampane blir spelte 1. og 2. april.

Preben Moen, Gloppen Hotell.