Foto: Avinor.

Avinor prøvde flyplassbrøyting utan førar

Måndag prøvde Avinor dei første førarlause brøytebilane i Noreg på Fagernes lufthamn, Leirin. Testen var vellykka.


Prosjektet starta som eit innovasjonsprosjekt av Avinor for tre år sidan. Målet er at alle dei 46 flyplassane til Avinor skal kunne brøytast med brøytebilar utan sjåfør om nokre år.


– Prosjektet er så langt vi veit blant dei første i verda der store maskiner skal køyre autonomt og rydde snø på lufthamnene. Det vi såg under demonstrasjonen gjekk over det vi hadde forventa, og vi er svært imponerte over kva våre samarbeidspartnarar, Semcon og Øveraasen, har fått til i prosjektet vårt, seier konsernsjefen i Avinor, Dag Falk-Petersen, i ei pressemelding.


– Avinor ønskjer å teste ut autonomi, og ser heilt klart operative fordelar og effektiviseringsgevinstar ein gong i framtida ved nye løysingar innanfor området. Førebels er det litt tidleg å konkretisere dette, men vi må følgje utviklinga og initiere smart bruk av teknologi for å kunne vere eit leiande konsern innan luftfart også i framtida, legg konsernsjefen til.


Yeti Snow Technology AS, med Øveraasen og Semcon på eigarsida, har tilbode ein komplett leveranse for prosjektet heilt fram til pilottest. Dei har knytt til seg partnarar innanfor både bil -og maskinleverandørar for å få full tilgang til allereie eksisterande teknologi i køyretøya, og vil då kunne utvikle teknologien vidare. (©NPK)