Ytre Suløens Jass-ensemble har vore på festivalen før og kjem tilbake for å vere med på feiringa av tiårs jubileet for Jazz på Jølst.

Ytre Suløen er tilbake i Jølster

Fredag kveld er det duka for ei musikalsk storhending i Jølster. Då er Ytre Suløens Jass-ensemble nemleg tilbake på Skei og Jazz på Jølst. Og det er eit kvalitetsprega program jubilanten har lagt opp til.




Jazzfestivalen feirar 10-års jubileum i år, og ingen ting er vel meir naturleg enn å få på plass sjølvaste ikonet når det gjeld tradisjonell jazz her til lands, eller gladjazz som gjerne er det rettaste namnet på denne greina av jazzen.

Gamle travarar
Ytre Suløens Jass-ensemble har eksistert i over 40 år og har sjølvsagt hatt mange utskiftingar i mannskapet undervegs. Men mannen som spelar banjo, Einar Aarø, har vore med frå starten.

Aarø er 82 år gammal, men trakterer banjoen like godt som før. Saman med resten av bandet og vokalisten Tricia Boutté, som har vore med sidan 2002, vil Einar Aarø garantert levere ein konsert laurdag kveld som det kjem til å svinge skikkeleg av.

Her blir det musikk inspirert av den amerikanske gladjazzen som hadde sitt utspring i dei amerikanske sørstatane og var dei svarte slavane sin musikk, og som i dag er synonymt med New Orleans, sjølve jazzhovudstaden.

Høgdepunkt
Ytre Suløens Jass-ensemble meiner sjølve at konsertane deira ofte er meir inspirerte av New Orleans si ånd enn å spele heilt stilriktig i forhold til musikken frå 20- og trettiåra.

Det som er heilt sikkert, er at denne konserten kjem til å bli festivalen sitt høgdepunkt for alle som likar fengande, svingande rytmar og kjende melodiar, der fyrverkeriet Tricia Boutté, med si flotte stemme og sprudlande humør vil krydre konserten som det berre er å glede seg til.

Spennande opning
Den tiande Jazz på Jølst tjuvstartar med Camilla Hole trio torsdag kveld. Opningskonserten blir fredagskvelden med ingen ringare enn Kristin Asbjørnsen på scena. Dermed har arrangørane fått på plass ei kritikarrost og spesiell stemme som har markert seg skikkeleg i den norske skogen av jazzartistar. Ho framfører melodiøs og ofte Afrika-inspirert musikk som er lett å lytte til og som er ein fryd for øyret.

Festivalen blir opna av statsekretær i kulturdepartementet, Frida Blomgren, i lag med komande kommunalsjef for kultur og idrett i Sunnfjord kommune, Hilde Bjørkum. Bjørkum var i mange år sjef for Førdefestivalen og er eit solid namn innan kulturlivet i fylket.

Jazzprest
Laurdag blir det som vanleg fleire konsertar. Det startar med gatepresten og den profilerte jazzmusikaren Carl Petter Opsahl som har konsert i Ålhus kyrkje.

På same tid har Sogn og Fjordane Teater barneframsyninga «Geitejazz» på Skei. Her får store og små sjå ein litt jazza versjon av eventyret om ulven og dei sju geitekillingane. Framsyninga er med skodespelar ved teateret, Idun Losnegård, og distriktsmusikar Jacob Wyrtz.

Når det gjeld Carl Petter Opsahl, blir han også å høyre under gudstenesta på Vassenden kyrkjesenter søndag. Ein spennande musikar som har vore med på mykje, både i inn- og utland.

To kvinner
Elles byr laurdagen på gratiskonsert med eit band frå musikklina på Firda vgs. på dagtid, og to konsertar om kvelden.

På kveldstid blir det først eit møte med folkemusikaren og jazzartisten Sinikka Langeland. Langeland trakterer det finske nasjonalinstrumentet kantele. Ho har gjort seg kjend gjennom medverknad på ei lang rekkje plater og har fått mange prisar. To gonger har ho vore nominert til Spelemannsprisen i kategorien folkemusikk.

Jazzfestivalen blir i år avslutta med unge og lovande Siri Malmedal Hauge frå Sunnmøre. Ho har ei vakker stemme i tillegg til å traktere mandolin. Malmedal har trass i sin unge alder fleire plater bak seg og har motteke fleire utmerkingar, mellom anna «Årets jazztalent i Midt-Norge» under Moldejazz i 2018.

For eit kvart øyre
Alt i alt kan jubileumsutgåva av Jazz på Jølst by på eit spennande og allsidig program der det bør vere noko for eit kvart øyre.

Festivalprogrammet er som skapt for å introdusere nye lyttarar til musikken frå den mangfaldige jazzverda.

Så her er det for nye og gamle jazzentusiastar berre å kome seg ut av sofaen og få med seg ei flott musikkhelg i Jølster.