Heim   >   Nyhende   >   YS: Sommarjobbande 18-åringar bør ha over 134 kroner i timelønn

Serverings- og restaurantbransjen er avhengige folk som kan jobbe om sommaren. Her frå Kragerø i Telemark. Foto: Geir Olsen/NTB scanpix/NPK.

YS: Sommarjobbande 18-åringar bør ha over 134 kroner i timelønn

Mange skaffar seg jobb om sommaren, og lønnsnivået varierer ut frå alder og yrke. YS meiner dei over 18 bør tene minst 134 kroner i timen.

– Er du over 18 år bør du få ei timelønn på minimum 134,09 kroner. Viss du er under 18 år er lønna 10 til 30 prosent lågare nokre stader, medan andre stader er den lik som for dei som er over 18 år, seier rådgivar Goran Scekic i Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS) til NTB.

Ei oversikt YS har sett saman, viser timelønnssatsane for dei typiske sommarjobbane ut ifrå tariffavtalane.

Timelønna for dei under 18 år er lågast for dei mellom 16 til 17 år som jobbar som hotellresepsjonist, kelner eller for dei som jobbar på gatekjøkken. Der ligg snittet på 110,33 kroner i timen.

Varierande lønn

Til samanlikning tener grossistmedarbeidarar på lager i same alder 159,09 kroner i timen.

Grossistmedarbeidarar mellom 17 og 18 år tener 181,82 kroner i timen, medan kelnerar i alderen 17 til 18 får 119,83 kroner timen.

– Lønnsnivået varierer ein del. Dette kjem av at det er ulike bransjar, sektorar og jobbar. Nokre jobbar kan kallast som typiske sesongjobbar, som badeland og dyrepark, medan andre er litt meir karrierejobbar der ein kan bli lengre, seier Scekic.

Skriftleg avtale

Scekic understrekar at det er nedfelt i arbeidsmiljølova å inngå ein skriftleg arbeidsavtale, uavhengig av kor lenge jobben varer.

– Nokre arbeidsgivarar trur dei ikkje treng å inngå arbeidsavtale ved kortare arbeidsforhold, eller ved deltidsarbeid. Dette er feil og strir mot norsk lov, seier han.

– Sjølv om det kan verke freistande å arbeide svart, bør du rett og slett unngå arbeidsgivarar som foreslår dette. Arbeidar du svart, står du heilt utan rettar, åtvarar han.

Ikkje for seint å søke

Sjølv om kalenderen viser juli, seier Scekic at det slettes ikkje er for seint å skaffe seg ein sommarjobb.

– Nokre lèt vere å kunngjere stillingar nettopp fordi dei forventar at du sjølv tar kontakt. Det er viktig å hugse at all arbeidserfaring kjem godt med. Ta kontakt med familie, venner og kjende, rår Scekic.

Han meiner det er lurt ikkje å vere kresen i val av sommarjobb og peikar på at ulike typar jobbar kan by på kompetanse som kan bli nyttig seinare i karrieren.

– Å kunne vise til ulike bransjar og jobbar kan vere viktig seinare og vil styrke CV-en din. Sommarjobben er òg ein kjempefin måte å prøve ut ulike yrke på og få ein fot innanfor på arbeidsmarknaden og lære seg spelereglane til arbeidslivet, seier Scekic. (©NPK)