«Gammel kjenning» av Jan Erik Willgohs, som stiller ut i Sunnfjord Kunstlag. Salsutstillinga i Førdehuset opnar i morgon.

Willgohs i Sunnfjord Kunstlag

Jan Erik Willgohs stiller ut i Sunnfjord Kunstlag under tittelen «innlevelse – utlevelse»

Willgohs, fødd i 1952 i Bergen, er eit sentralt namn i kunstlivet i heimbyen, men òg langt ut over dette. Han vert rekna som ein høgt profilert kunstnar, noko som mellom anna speglar seg av gjennom ei svært innhaldsrik liste av både separatutstillingar og kollektiv- og gruppeutstillingar. Sidan han debuterte i 1979 i Bergen Kunstforening, har han stilt ut vel 90 gonger separat og tilsvarande i fellesutstillingar, internasjonalt og nasjonalt. I sist nemnde kategori inngår m.a. representasjon sju gonger på Høstutstillingen og ni på Vestlandsutstillingen.

I 2013 vart Jan Erik Willgohs vald ut som Nobel-kunstnar, ei utmerking som heng høgt. Dette innebar at biletet hans, «Stigende skyer», pryda Fredsprisdiplomet og vart nytta i marknadsføring og visualisering i samband med festen og tildelinga.

Måleria hans er kjøpte inn til ei rekkje samlingar, m.a. Samtidskunstmuseet, Bergen Kunstmuseum (KODE), Norsk Kulturråd, Statens Konstråd Stockholm og ei rekke offentlege og private galleri i Europa og Asia.

I boka «Jan Erik Willgohs – Malerier», om og med Jan Erik Willgohs, skriv kunsthistorikar Gunnar Danbolt følgjande:» I Willgohs´ malerier er modernistenes arbeid med formen – deres vilje til å gjøre maleriet til en egen sansbar verden av farger, former, teksturer, bevegelse, lys etc. – kombinert med ekspresjonismens vektlegging av de følelsesmessige reaksjonene. Derfor handler ikke disse bildene om naturen, men snarere om selve maleprosessen og de muligheter den gir for emotive uttrykk.» (Boka kan kjøpast på utstillinga)

For Willgohs er fargane, saman med komposisjonen av biletet, heilt sentrale verkemiddel. Han blandar sjølv fargane, for det meste, ved hjelp av fargepulver (pigment), gode bindemiddel (akrylat) og vatn.

Jan Erik Willgohs har kunstutdanninga si frå Statens kunstakademi, Oslo (under professorane Ludvig Eikaas og Knut Rose), Konsthøgskolan, Stockholm og Royal College of Art, London.