Heim   >   Fylket   >   Widerøe skal framleis flyge til og frå Sandane

Widerøe skal framleis flyge til og frå Sandane

Widerøe og Air Leap vann kontraktane på dei regionale ruteflygingane i Sør-Noreg frå 1. april 2020, opplyser Samferdselsdepartementet i ei pressemelding.

– Store avstandar og utfordrande topografi gjer at Noreg er spesielt avhengig av luftfart, og det regionale flyrutenettet er å rekne som eit kollektivtilbod i distrikta, seier samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp).

Tre flyselskap leverte tilbod innan fristen 8. april. Dei tre selskapa var Air Large European Aviation Project AB (Air Leap), UAB DOT LT (DOT) og Widerøe’s Flyveselskap AS (Widerøe).

Air Leap la inn tilbod på ruta Røros – Oslo (1), DOT på rutene Røros – Oslo og Førde – Oslo (1–2) og Widerøe på alle dei utlyste rutene (1–7).

Air Leap vann kontrakten på ruta mellom Røros og Oslo. Selskapet flyr blant anna ruta Oslo – Stockholm med eit propellfly og Oslo – Ørlandet. Flyselskapet har også andre ruter i Sverige og Finland, skriv E24.

Widerøe ville ha alle rutene og fekk dei fleste. Dette er rutene flyselskapet skal operere frå 1. april 2020: Førde – Oslo, Sogndal – Oslo, Sandane – Oslo, Ørsta-Volda – Bergen, Sogndal – Bergen og Sandane – Bergen.

– Gjennom tildeling av nye kontraktar på dei regionale flyrutene i Sør-Noreg, vidarefører vi eit godt og marknadstilpassa tilbod også i dei neste fire åra, avsluttar Dale. (©NPK)