Wagner satsar på Skei

Koronaepidemien får mange konsekvensar, mesteparten negative, men den utløyser også kreative idear hos dei som driv næringsverksemd i vanskelege tider.



Mange butikkar er stengde, andre opererer med redusert opningstid og nokre finn nye vegar for å halde oppe omsetning og inntekt. Ein av dei er klesbutikken Wagner/Savoy på Sandane som no opnar mellombels avdeling på Skei.

På Joker
Innehavar av butikken, Bjørg Bergheim, fortel at ho no skal ha eit visst utval av klede, både for dame og herre, i andre etasje på Joker-butikken i det gamle kommunesenteret.

– I desse koronatider er det kjekt at vi kan hjelpe kvarandre. Vi samarbeider med Joker Skei, og for at våre kundar på Jølster skal sleppe å reise om dei treng klede, vert det eit utval av dame- og herreklede i andre etasje på Joker, seier Bergheim som dermed prøver på nytt med handel på Skei.

I haust hadde ho to dagar med klesbutikk på Jølster Panorama, i samarbeid med eigaren der, Ola Fugle.

Til over påske

- Sidan Joker-butikken har ledige lokale, vart vi spurde om å vere der, og det sa eg ja til, fortel Bergheim som opnar butikken i dag, ein butikk som delvis blir basert på sjølvbetening.

- Eg kjem til å vere der litt, så vil dei som arbeider i Joker-butikken hjelpe til litt og på den måten skal vi prøve å få det til. Vi kjem til å ha varer på Joker i alle fall til over påske, så får vi sjå. I desse tider er det vanskeleg å planlegge noko som helst, men vi må i alle fall prøve det vi kan for å kome gjennom denne spesielle situasjonen, seier Bergheim som sjølvsagt også har  butikken på Sandane open deler av dagen, og slik vil det bli framover.