Heim   >   Nyhende   >   Vrakpant på campingvogn er vellukka

Illustrasjonsfoto: Frank Optun Smedegaard/NTB scanpix/NPK.

Vrakpant på campingvogn er vellukka

Panteordninga som blei innført for campingvogner og bubilar i fjor har vore vellukka.

Etter at vrakpanten blei innført på campingvogner i fjor, er det levert inn om lag 5.700 vogner i Noreg, fortel NRK.

Før måtte eigarane av gamle campingvogner, motorsyklar, mopedar, bubilar eller lastebilar betale for å kvitte seg med dei. Dermed blei mange utrangerte campingvogner forlatne i naturen.

No gir vraking av campingvogn 3.000 kroner. For lastebilar er summen 5.000 kroner, mens du får 500 kroner for å levere inn mopedar og motorsyklar. (©NPK)