Heim   >   Nyhende   >   Vrakar Venstre sitt forslag om å droppe ferjefri E39

Foto: Kirsten Offerdal/NPK.

Vrakar Venstre sitt forslag om å droppe ferjefri E39

Venstre vil droppe ferjefri E39 til fordel for klimateknologi, men møter motbør i eiga regjering. – Uaktuelt å bruke vegpengar på klimatiltak, svarer Frp.

– Vi kan ikkje berre tenke på ferjer som marknad for ein ny teknologi. Det er òg ein flaksehals for næringa og innbyggarane våre, seier Helge Orten, Høgre sin transportpolitiske talsmann og leiar av transportkomiteen på Stortinget, til VG.

Han reagerer på utspelet til statssekretær i Klima- og miljødepartementet Atle Hamar (V), som torsdag uttalte til VG at det er på tide å vrake gigantprosjekta for ferjefri E39 lang vestlandskysten. Han meiner ferjestrekningane heller bør brukast aktivt for å halde fram utviklinga av nullutsleppsfartøy.

Hamar får støtte frå SV, som meiner vegprosjektet er utdatert.

Orten seier ferjefri E39 er vedtatt, og at den politikken ligg fast.

– Det er uaktuelt å bruke vegpengar på klimatiltak. Det er mange private aktørar som jobbar godt for å utvikle god teknologi allereie. Det er ikkje dei primære oppgåvene til staten, seier stortingsrepresentant Morten Stordalen (Frp) til VG.

Ifølgje Stordalen vil den nye motorvegen vere betre for miljø og klima på sikt fordi kortare strekningar og fleirfelts motorvegar fører til at trafikken flyt betre. (©NPK)