Illustrasjonsbilete.

Vogntog velta på Utvikfjellet

Føraren kom frå det uskadd etter at vogntoget han køyrde velta på Utvikfjellet i morgontimane onsdag. Vogntoget ligg utanfor vegbana og det er fri ferdsel forbi staden.

Naudetatane køyrde ut etter melding litt før klokka åtte onsdag morgon. På Twitter melder politiet at det skal vere særs glatt der vogntoget køyrde av vegen, og melder seinare at bilen vil verte teken hand om enten i onsdag eller torsdag.

– Vest politidistrikt på Twitter: