Home   >   Nyhende   >   Visit Sognefjord ønskjer turistskatt

(Illustrasjonsfoto: Marit Hommedal/NTB scanpix/NPK.

Visit Sognefjord ønskjer turistskatt

Turistane som kjem hit til landet bør vere med å betale for fellesgode som toalett og parkeringsplassar, meiner Visit Sognefjord.

– Dette ser ein over heile verda der ein reiser. Kunden er vand med å betale det, og vi meiner det bør innførast, sa reiselivsdirektør Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord nyleg i eit møte med kommunestyret i Luster, fortel Sogn Avis.

Både regjeringa og NHO reiseliv har så langt vore imot å innføre turistskatt, men Brandshaug meiner tida no er moden for å endre på dette. Han peikte på at det kan vera utfordrande for kommunane å leggje til rette for å ta imot store mengder turistar i korte periodar.

– Aurland har til dømes ein million tilreisande frå mai til september. Å ha infrastruktur for desse er nesten umogleg for ein kommune som ikkje er rik kraftkommune, sa Brandshaug.

For å bøte på problemet meiner han det bør innførast ei lovpålagt fellesgodefinansiering. Samtidig streka han under at det bør vere frivillig for kommunane om dei vil innføre det.

Også andre delar av reiselivet har teke til orde for at det bør innførast liknande ordningar. Tidlegare i år vedtok Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap å søkje om å bli ein nasjonal pilot for å testa ut turistskatt. (©NPK)