Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Vilde (18) med ny norsk rekord

Vilde Sårheim.

Vilde (18) med ny norsk rekord

Andre juledag sette Vilde Sårheim frå Breim ny norsk juniorrekord i si klasse med å løfte 56 kilo i rykk. Resultata frå stemnet i Naustdal viser at det har skjedd eit generasjonsskifte i vektløftarsporten.

Tambarskjelvar sitt tradisjonelle julestemne i vektløfting resulterte i fem nye norske rekordar, og fire av dei vart sette av ungdommar og juniorar.

Kvinnene kjem

Det var i alt 28 deltakarar på romjulsstemnet, frå ti år og oppover. Deltakarane kom frå Brodd, Breimsbygda, Jølster og arrangørlaget Tambarskjelvar. Hovudtyngda av dei som var med, var unge. Berre tre av 28 var seniorar. 16 av deltakarane var ungdommar, ni var juniorar.

Vilde Sårheim (18) representerer Breimsbygda IL, og sette ny norsk rekord i klasse junior 81 kg med 56 kilo i rykk.

Jølstringen Kristina Støfring slo òg til med ny norsk rekord i klasse junior 81 kg. Ho løfta 59 kilo i rykk og løfta til saman 128 kilo.

Carmen Grimseth frå arrangørlaget Tambarskjelvar stod òg for ein ny norsk rekord i Naustdalshallen i klasse 81 kg +. Ho klarte 69 kilo i støyt.

Sterke tradisjonar

Sogn og Fjordane har sterke tradisjonar innan styrkeløft.

– Det er spesielt gledeleg at tradisjonane vert vidareførte av ungdommar og av jenter. Dei sterke resultata viser at vektløftararven vert vidareført, seier regionsleiar og leiar i vektløftargruppa i Breimsbygda IL, Ola Bergheim.