Foto: NPK/NTB SCANPIX/Berit Keilen.

Vil teste ut turistskatt






Det blei vedteke då rådet fredag var samla til møte i Lærdal.


– Vi vil ta eit politisk initiativ og be om eit møte med Klima- og miljødepartementet og ikkje minst søkje departementet om at Vestnorsk fjordlandskap kan bli ein nasjonal pilot for å teste ut fellesgodefinansiering, seier sekretariatsleiar for Verdsarvrådet, Katrin Blomvik, til Nynorsk pressekontor.


Vestnorsk fjordlandskap arbeider for å ta vare på og fremje verdsarvstatusen til Geirangerfjord- og Nærøyfjordområdet.



– Viktig milepæl

Blomvik meiner eit vedtak om turistskatt vil vere ein viktig milepæl for å styrkje verkemidla og den utviklinga ein ønskjer i verdsarvfjordane.


Ifylgje Blomvik er ikkje verdsarvfjordane dei einaste som tenkjer på å innføre ei ekstra avgift for å møte den aukande turisttrafikken. Fleire andre stader skal vere inne på same tanken.


– Dette er ei sak som vil kome frå veldig mange stader rundt om i Noreg etter kvart. Eg trur difor at verdsarvfjordane må vere litt frampå med ein formell søknad om at Vestnorsk fjordlandskap bør vere ein av dei første pilotane på ei slik ordning.


Korleis ei slik ordninga bør fungere i praksis, er det førebels ikkje sagt noko om.


– Det er ikkje på nokon måte greidd ut korleis ei slik ordning bør fungere. Dette er berre eit startvedtak på at det politiske nivået bør ta eit initiativ, seier Blomvik.



– Treng bidrag til fellesgode

Ho seier målet med ordninga er å få inn eit bidrag frå dei besøkjande som kan vere med på å finansiere fellesgode for å løyse nokre av dei utfordringane den aukande turismen fører med seg.


Ifylgje Blomvik er det fram mot 2030 venta at turismen i området vil auke med heile 60 prosent.


– Då treng styresmaktene lokalt styrkt finansiering for å handtere dette, seier ho.


Regjeringa har tidlegare sagt nei til å innføre ein nasjonal turistskatt. Direktøren i Fjord Norge, den største reiselivsorganisasjonen på Vestlandet, Kristian Jørgensen, er blant dei som har meint at kommunar med ekstra mange turistar likevel bør kunne krevje betaling for fellesgode som toalett og parkeringsplassar. (©NPK)