Omkommen mann funnen i Bergen sentrum blir kopla til sakna mann frå Sunnfjord

Vil skjerpe straffa for å skyte mot politiet

Straffa for å skyte mot politiet skal skjerpast, og minimumsstraffa skal bli tre års fengsel, foreslår regjeringa.


– I dag kan skyting mot politiet straffast med fengsel i inntil tre år. Vi seier no at tre år skal vere minimumsstraff og ni år maksimum. Det er berre for å skyte mot politiet, opplyste justis- og beredskapsminister Tor Mikkel Wara (Frp) under Politiets Fellesforbunds (PF) landsmøte, som starta måndag.


Wara opplyste at forslaget blir sendt på høyring allereie denne veka. Justisministeren trekte fram hendinga ved ein bensinstasjon på Roa i 2015, der ein politipatrulje vart skotne på og hamna i skotveksling etter ein rutinekontroll, skriv Politiforum.


Dersom lovforslaget går gjennom, og ein person blir dømt for drapsforsøk i tillegg, blir straffa ytterlegare skjerpa.


– I tillegg vil vi gjere det straffbart å prøve å ta frå politiet våpenet. Det vil vi òg sende ut på høyring, sa Wara.


I innleiinga si på landsmøtet trekte Wara fram at kriminaliteten har endra seg dramatisk dei siste åra.


– Det at så mange personar rører seg friare, gir oss ein heilt annan type kriminalitet. Det er arbeidslivskriminalitet. Svart arbeid. Tigging. Prostitusjon. Innvandring. Korleis finansierer du opphald i landet viss du ikkje har lov til å vere her, men ikkje vil dra? Jo, ved kriminalitet. Det er heilt essensielt at vi som samfunn veit kven som er i landet. Men det veit vi ikkje lengre, sa Wara.