Heim   >   Nyhende   >   Vil innføre fritt skuleval i heile landet

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner. Foto: Ole Berg-Rusten/NTB scanpix/NPK.

Vil innføre fritt skuleval i heile landet

Regjeringa vil innføre fritt skuleval i alle fylke. I dag er det opp til fylka sjølve å bestemme om ein ønsker fritt skuleval eller ikkje.

– Det er viktig å sikre at alle elevar, uansett kva for eit fylke dei bur i, får større moglegheit til å velje kva for ein vidaregåande skule dei vil gå på, seier kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H).

No sender Kunnskapsdepartementet på høyring to alternative forslag til fritt skuleval.

Det første alternativet går ut på at fylka skal kunne velje mellom fritt skuleval i heile fylket, eller dele inn fylket i fleire inntaksregionar som gir reelt fritt skuleval. Det andre alternativet er at fritt skuleval i heile fylket skal vere normalordninga. Fylka skal då berre kunne velje inntaksregionar, som likevel sikrar reelt fritt skuleval, så lenge det er grunngitt i store avstandar eller trafikale forhold.

Begge alternativa inneber at fylka ikkje lenger kan praktisere inntak til vidaregåande skule etter eit nærskuleprinsipp slik det i dag er i Østfold, Buskerud, Telemark og Trøndelag.

Forslaget blir godt mottatt av dei borgarlege ungdomspartia, medan Arbeidarpartiet er kritisk.

– Viss Høgre vil overstyre alle folkevalde frå eit kontor i Oslo, kan dei berre legge festtalane om lokaldemokrati i skuffen. Å tvinge alle fylke til same ideologiske tvangstrøye er eit typisk verkelegheitsfjernt Høgre-forslag som viser kor lite dei forstår av Noreg utanfor regjeringskvartalet, seier den utdanningspolitiske talspersonen til partiet Martin Henriksen. (©NPK)