Heim   >   Nyhende   >   Vil ha strengare krav til høg fart på sjøen

Arkivfoto: Terje Bendiksby/NTB scanpix/NPK.

Vil ha strengare krav til høg fart på sjøen

Frå 2013 til 2017 har høg fart berre vore skuld i fem prosent av dødsulykkene. Likevel vil no Sjøfartsdirektoratet ha strengare krav til førarar av raske båtar.

Årsaka til framstøyten mot raske båtar skal vere at talet på ulykker med båtar som har høg fart har gått opp dei siste ti åra. Frå 2008 til 2007 har talet på ulykker med dei raskaste motorbåtane auka med over 200 stykke, skriv Teknisk Ukeblad.

– Vi veit at det blir fleire og fleire raske båtar på sjøen. Desse båtane har eit stort skadepotensial, både for dei om bord og det som er rundt. Derfor er det naturleg at ein ser på kompetansekrava knytt til førarrettar for båtar, seier Petter Søreng, seksjonssjef for fritidsbåtar i Sjøfartsdirektoratet, til bladet.

I fjor døydde 28 personar i fritidsbåtulykker, det var fire fleire enn i 2018.

Direktoratet skal no finne ut korleis eit teoretisk kurs og ein praktisk prøve kan bli gjennomført for førarar av båtar som kan gå raskare enn 50 knop.

I tillegg skal styresmaktene halde fram med satsinga på å få kvinner til å bli båtførarar, få fleire til å bruke livvest, og få båtførarar til å halde seg unna alkohol.

Av 28 dødsulykker i fritidsbåt i fjor, var det berre ei kvinne. Redningsselskapet, som driv kampanjen, meiner jenter ofte er flinkare til å tenkje på eigen tryggleik, og vil derfor at dei skal ta over roret. (©NPK)