Heim   >   Nyhende   >   Vil ha stortingsmelding om vindkraft

Vindmøller i Eigersund kommune i Rogaland. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK.

Vil ha stortingsmelding om vindkraft

Det kraftige engasjementet rundt utbygging av vindkraft på land bør føre til at regjeringa kjem med ei stortingsmelding om temaet, meiner Turistforeininga.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) peika i april ut 13 område som direktoratet meiner er dei mest eigna for vindkraft på land i Noreg. 98 kommunar har areal innanfor dei 13 områda.

Over 5.000 svar kom inn i høyringsrunden, som vart avslutta 1. oktober.

– Regjeringa må ta signala på alvor. Det held ikkje å flikke på dagens system. Dei er nøydde til å legge opp til ei grundigare oppfølging enn planlagt. Derfor bør det lagast ei stortingsmelding, seier styreleiar Per Hanasand i Den Norske Turistforening (DNT).

Han meiner det er behov for ein gjennomtenkt nasjonal politikk som avveg omsyna mellom utbygging av energi og ivaretaking av natur. Det held ikkje berre å skrote NVEs kart – regjeringa må òg ta tak i korleis vindkraftutbygginga på land blir planlagd og blir styrt, er bodskapen frå DNT.

– Regjeringa har førebels ikkje signalisert at dei vil gjere noko med det som har vore hovudkritikken i høyringa: At dagens system tar altfor lite omsyn til natur, seier Hanasand.

Han krev at stortingsmeldinga set rammer for korleis eventuell vidare vindkraftutbygging i Noreg kan føregå utan alvorlege naturinngrep.

(©NPK)