Vestland Sp og Vestland SV ønskjer å stanse utbygginga av vindkraftverk. Foto: Terje Pedersen/NTB scanpix/NPK.

Vil ha stans i vindkraftutbygginga

Både Vestland SV og Vestland Sp ønskjer å stanse utbygginga av vindkraft i regionen.


Representantar frå både Sp og SV på Vestlandet meiner ordninga og konsesjonar til utbygging av vindkraft må vurderast på nytt eller verte skrota, skriv BT. Statsministeren har tidlegare opna for at planen kan verte endra, men Marthe Hammer i SV vil at områda som er utpeikte vert uaktuelle for vindkraft.


– Det Erna Solberg tek til orde for er ikkje ein farbar veg for behandlinga av vindkraftsaker. Vi må sikre at områda NVE har utpeikt som godt eigna, ikkje blir aktuelle i det heile, seier ho.


I tillegg ønskjer Vestland SV å sidestille skattlegginga av både vind- og vasskraft.


Fylkesordførarkandidat for Vestland Sp Jon Askeland meiner det same, med eitt unntak.


– Dersom det kjem initiativ frå eit kommunestyre, vil vi vektleggje det sterkt. Men eg ser ikkje kven det skulle ha kome frå, i uoverskodeleg framtid. Folk på kysten seier klart nei til dette, seier han.


Statssekretær Liv Lønnum i Olje- og energidepartementet seier ordninga for vindkraft allereie er open og demokratisk og har tatt omsyn til naturen.


– Formålet med nasjonal ramme for vindkraft som no er på høyring er å betre styre lokaliseringa av nye prosjekt. Søknadar om vindkraft i sårbare naturområde eller i nærleiken av der folk bur eller har hytte bør unngåast, seier ho.


I tillegg seier ho at ei stor del av søknadane om vindkraftverk har vorte avslått, ofte med omsyn til miljøforhold eller mangel på lokal støtte. (©NPK)