Nye «Fjols til fjells»-regissør Petter Holmsen ønskjer at folk skal sende inn sine eigne filmklipp frå påska – som kanskje blir ein del av starten på nyinnspelinga. Foto: Handout.

Vil ha påskefilmopptak til å bruke i nye «Fjols til fjells»

Nye «Fjols til fjells»-regissør Petter Holmsen ønskjer at påsketuristane skal sende inn sine filmklipp – som kan ende opp i den nye filmen.


I opningssekvensen ser dei nemleg for seg å vise forholdet nordmenn har til påskefjellet.


– I staden for at vi sjølv lagar desse filmklippa, er det mykje meir morosamt å ha ekte filmklipp frå fjellpåska til nordmenn! Og det trur eg mange har liggjande på telefonen sin etter denne kjempepåska som har vore. Eg ønskjer meg rett og slett korte filmklipp frå påska di på fjellet, gjerne filma med mobilkamera og gjerne filma utandørs, seier regissøren.


Opptaka til filmkomedien, som blir å sjå neste vinter, er snart ferdige. Filmen er ifølgje pressemeldinga «inspirert av» originalen frå 1957, der legendariske Edith Carlmar hadde regi.


Produsent Stig Hjerkinn Haug i Stig og Stein Studio opplyser at e-postadressa er filmklipp@fjolstilfjells.no, og tilrår å bruke tenester som til dømes WeTransfer om filene er store. Fristen er sett til 10. mai.


– For at «Fjols til fjells» skal kunne bruke filmklippa, og for at dei framtidige filmfotografane skal få namnet sitt på rulleteksten, er det viktig at ein legg ved namn og kontaktinformasjon, heiter det frå Hjerkinn Haug.


På rollelista til den nye påskefilmkomedien finn vi mellom anna Herbert Nordrum, Hedda Stiernstedt, Anette Hoff, Nils Vogt, Nader Khademi, Bjarte Hjelmeland, Christian Skolmen, Janne Formoe, John Emil Jørgensrud, Eirik Risholm Velle, Steinar Klouman Hallert, Erlend Mørch og Amanda Erlandsen. (©NPK)