Illustrasjonsbilete.

Vil ha full betaling for nye oppgåver

Inntektssystemet må setje dei nye fylkeskommunane i stand til å løyse nye oppgåver og gjere framtidsretta investeringar. Det krev fellesnemnda for Vestland fylkeskommune i ein felles høyringsuttale.





– Regjeringa må forstå at store oppgåver skal løysast ute i fylka. Til dømes har fylka og dei store bykommunane ei viktig oppgåve i å løyse klimautfordringane. Skal vi klare det kan vi ikkje leve med nullvekst i budsjetta, seier fylkesordførar i Hordaland og leiar av fellesnemda, Anne Gine Hestetun.





– Vestland fylke har også stort behov for å rassikre vegane, vedlikehalde og bygge ut fylkesvegnettet, og oppgradere alle tunnellane våre. Vi må få pengar til å løyse desse oppgåvene, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane og nestleiar av fellesnemnda, Jenny Følling.





Nytt inntektssystem på høyring





Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har sendt ut forslag til nytt inntektssystem på høyring til fylkeskommunane. Høyringsforslaget vidarefører i vesentleg grad det gjeldande systemet, som vart revidert i 2015.





Det er dei eksisterande fylkeskommunane som er inviterte til å uttale seg, men Hordaland og Sogn og Fjordane har samrådd seg om ein felles høyringsuttale som vart vedteken i fellesnemnda torsdag 14. februar.





Krev fullfinansiering av nye oppgåver





– Vi meiner forslaget frå KMD ikkje støttar opp om måla med regionreforma. Inntektssystemet må sikre fullfinansiering av dei nye oppgåvene som skal overførast til fylkeskommunane, seier Følling og Hestetun.





Høyringsuttalen tek mellom anna opp følgjande punkt:





·         Manglande medverknad. Fellesnemnda meiner høyringa berre gjev fylkeskommunane høve til å kommentere enkeltutslag ved forslaget til nytt inntektssystem, ikkje til å påverke val av metodikk og grunnprinsipp for utforminga av systemet.





·         Tapskompensasjonen må vidareførast i tråd med Stortinget sin intensjon. Fellesnemnda meiner tapskompensasjonen Sogn og Fjordane fylkeskommune har fått etter omlegginga av inntektssystemet i 2015 må førast vidare til Vestland fylkeskommune i 2020.





·         Rammeoverføringane må sikre fullfinansiering ved innføring av nye statlege pålegg og oppgåver.Fylkeskommunane har ved fleire høve fått ansvar for å følgje opp nye statlege pålegg og oppgåver som ikkje vert fullfinansierte. Dette gjer at eksisterande oppgåver må nedprioriterast om dei nye oppgåvene/pålegga skal følgjast opp.





·         Alle nye oppgåver til fylkeskommunane må innreknast i det nye inntektssystemet. Ved overføring av oppgåver frå staten må ressursar også følgje med, slik at fylkeskommunane vert sett i stand til å løyse ansvaret.