Illustrasjonsfoto: Shutterstock.com.

Vil ha betre samspel mellom kommunar og frivillige

19. november er kommunar og frivillige organisasjonar inviterte til konferanse om frivilligpolitikk. Målet er auke frivillig engasjement og tettare samspel.

Det er Sogn og Fjordane fylkeskommune og Frivillighet Norge som står bak konferansen, som blir arrangert på Gloppen Hotell på Sandane. Så langt har over 70 personar meldt seg på, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.

Auka innsats

– Frivillig engasjement skaper gode lokalsamfunn. Gjennom konferansen vil vi sjå på korleis kommunane og frivilligheita kan spele kvarandre gode, seier Åge Avedal, rådgjevar i kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune, i meldinga.

Fylkeskommunen har mål om at alle kommunar skal utvikle ein plan, strategi eller plattform for frivillig sektor.

– Heilskapleg frivilligpolitikk i kommunane kan gje betre rammer for frivillig innsats, fortel Avedal.

– Inkluderande og levande lokalsamfunn

Frivillighet Norge har meir enn 300 frivillige medlemsorganisasjonar som til saman representerer over 50 000 lokale lag og foreiningar i landet. Ei av hovudoppgåvene er å hjelpe kommunar og frivillige organisasjonar i arbeidet med å utvikle heilskapleg frivilligpolitikk.

– Vi set stor pris på å samarbeide med fylkeskommunen om denne konferansen. Både fylkeskommunane og kommunane er avhengige av at det finst eit aktivt og levande foreiningsliv. Dette er heilt grunnleggjande for å skape inkluderande og levande lokalsamfunn som folk trivst i, seier seniorrådgjevar Bjørn Lindstad i Frivillighet Norge og legg til at både fylkeskommunen og kommunane difor må utvikle frivilligheitspolitikk i dialog med dei frivillige organisasjonane.

På konferansen blir det fagleg påfyll og kafédialog der deltakarane kan komme med innspel til innhaldet i ein frivilligheitspolitikk.