Vil forenkle E39-alternativet

Høyringsuttale kommunedelplan E39 Byrkjelo-Grodås:

Samferdsle-/transportpolitikk skal etter Gloppen Arbeiderpartiet sitt syn sikre at alle i heile landet får tilgang til god infrastruktur. Gloppen Arbeidarparti meiner at ein må planlegge og bygge ut vegnettet gradvis ut frå behovet. Utbygging av vegnettet etter ein slik progressiv strategi vil kunne dekke store område og gje tenlege vegar.

At E39 vart flytta frå midtre til indre linje var negativt med tanke på framtida til aksen Sandane-Eid og vil kunne svekke framtidsmogelegheitene for Sandane Lufthamn. Men tunnel gjennom Utvik-fjellet og mogelegheiter for å skape eit vekstområde og eit logistisk knutepunkt på Byrkjelo dreg i positiv retning.

Å planlegge E39 Byrkjelo-Grodås etter eit prinsipp og ein standard som først og fremst har som mål rask transport mellom byer og næringsklynger, er etter Gloppen Arbeidarparti si meining ikkje til det beste for Byrkjelo og Gloppen kommune: Matjord, klima-/miljø-, reiseliv- og landskap vil i større eller mindre grad bli uakseptabelt råka dersom E39 vert bygd etter eit av dei alternativa som er utgreidd.

Det logiske og naturgjevne; slik topografien og geografien vår er; er å bygge E39 slik at vegen tener fleire formål og får minimale konsekvensar for landbruket. E39 gjennom Byrkjelo må planleggast og byggast i ein trase og etter prinsipp som gjev overkommelige bygge- og vedlikehaldskostnadar.

Det er derfor positivt at Vegvesenet vil tilrå ei løysing som nyttar seg av dagens vegtrasè. Ulempen er at denne løysinga ikkje er konsekvensutgreidd.

Gloppen Arbeidarparti vil at ein skal velje ei løysing langs dagens trase som gjev større positive ringverknader lokalt enn alternativ B1 og B2. Kryss og tunnelinnslag, som i alternativ B3, vest for Byrkjelo er Gloppen Arbeidarparti si føretrekte løysing.

Alternativ B1 og B3 for tunnelinnslag og bruk av eksisterande veg/trasè oppfyller samfunnsmålet til prosjektet med kortare reisetid, reduserte avstandskostnader, regional utvikling, felles bu- og arbeidsregion og ein påliteleg og tilgjengeleg E39.

E39 gjennom Byrkjelo og tunnelinnslag på Kleppe (B3) vil bare gje marginalt lengre reisetid mellom Byrkjelo og Grodås, ca 3 min, men vil gje kortare reisetid frå Sandane til Grodås. Med tanke på den positive effekten for Byrkjelo, kommunesenteret og flyplassen samt at tunnelen ved B3-alternativet vert noko kortare enn ved B1, så vil B-3 alternativet og bruk av dagens trase ikkje ha nemnande negativ effekt/svak positiv effekt på samfunnsnytten.
Gloppen AP vil på denne bakgrunnen krevje ein revidert kommunedelplan der tunnelalternativ B3, med ei tilknyting til eksisterande veg som eit T-kryss vest for Byrkjelo sentrum, vert konsekvensutgreidd.

I samband med dette alternativet må det planleggast og utgreiast ein samanhengande og forsterka gang- og sykkelveg frå Reed til Byrkjelo. Denne forsterka gang- og sykkelvegen må kunne brukast til transportformål for landbruket i nærområdet.

Tap av matjord på grunn av breiddeutviding og etablering av gang- og sykkelveg må kartleggast og avbøtande tiltak/erstatning må vurderast.

For å få til ein kostnadseffektiv transport av tunnelmasser for deponi og opparbeiding av industriareal, vil Gloppen Arbeidarparti at det skal planleggast eit industriareal på Fløtre. Området er om lag 80.000 m2 stort og høyrer til gbnr 103/3 og er i dag ikkje i bruk eller egna til landbruksformål.

Eit alternativt område for å deponere tunnelmasser og etablere industriområde er eit område aust for Teita bru. Området er ikkje brukt til jordbruksformål, er om lag 75.000 m2 stort og høyrer til gbnr 110/1. Begge områda ligg gunstig til i høve 200-års flaum.

Gloppen AP ser på det forenkla E39-alternativet som ei langsiktig løysing, ein treng difor ikkje gå vidare med vegvesenet sine opphavelege planforslag til nye trasear.
Arnar Kvernevik, leiar Gloppen Arbeidarparti