Illustrasjonsfoto.

Vil fjerne 60 oppdrettsanlegg på Vestlandet

Havforskingsinstituttet vil få bukt med lus, smittespreiing og høge dødsratar i oppdrettsmerdane. Derfor vil dei ha 60 færre oppdrettsanlegg på Vestlandet.


Det radikale forslaget vart presentert fredag i eit møte mellom Havforskingsinstituttet og næringa, skriv Bergens Tidende.


Den samla produksjonen skal ikkje gå ned, men flyttast frå problemanlegg til anlegg med mindre lus og sjukdom.


– Forslaget vårt er å redusere talet på oppdrettsanlegg ganske kraftig, men halde på dei beste lokalitetane og auke produksjonen her, seier forskingsdirektør Geir Lasse Taranger ved Havforskingsinstituttet.


Forslaga gjeld for produksjonssone 3 som strekkjer seg frå Karmøy til Sotra, og omfattar mellom anna den utsette Hardangerfjorden. I området står 167 oppdrettsanlegg svært tett.


Det er Nærings- og fiskeridepartementet som har bestilt utgreiinga frå Havforskingsinstituttet. Departementet har lenge vore bekymra for dei store problema med lus og sjukdom i området. (©NPK)