Vil dele ut Luttpris til hjelparane

For aller første gong vert prisen «Årets Blest» delt ut under det store Luttpris-showet. Prisen skal gjere stas på dei som viser fram og hjelper artistane i regionen.

Blant finalistane finn vi både festivalar, klubbar, låtskrivarar, spelemannslag og produsentar. Publikum har vore med å nominere til denne prisen, og det er aller første gong han vert delt ut. Det er i alt  åtte nominerte.

Får for lite heider

- Det er viktig å setje pris på dei som legg til rette, viser fram, produserer, arrangerer og engasjerer. Utan denne gjengen hadde ikkje artistane våre kome så langt som dei har gjort. Dette er utruleg viktige personar og organisasjonar, og eg meiner dei får alt for lite heider. Det seier prosjektleiar for Luttprisen, Stian Sjursen Takle i NRK Sogn og Fjordane.

Prisen vert delt ut i samarbeid med den store Blestfestivalen som vert arrangert i Førde samstundes som Luttprisen. Der står nokre av dei mest spennande nye artistane frå Nordfjord, Sunnfjord og Sogn på scena. Luttprisen vert arrangert på Larris Scene i Førde laurdag 18. januar. Showet kan du sjå live i salen, på nettsidene til Firda, Sogn Avis, Fjordenes Tidende og Firda Tidend, eller du kan høyre på sendinga i radioen på NRK P1 Sogn og Fjordane. Det er ein fagjury som kårar vinnarane.

Produsentar

Den første nominerte til den første bakomprisen til Luttprisen er produsent, musikar, låtskrivar og arrangør Inge Ronny Kvåle. Han eig sitt eige platestudio i Sogndal og har spelt i ei mengd band og vore musikar. Han gjer det mogleg for andre musikarar å spele inn musikken sin. Han arrangerer store og små konsertar for å vise dei fram og spelar sjølv fleire strengeinstrument, han skriv låtar, lagar musikk til NRK sin TV-serie «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», og han jobbar i kulturskulen.

Produsent, låtskrivar, artist og multitalent Alexander Pavelich frå Nordfjordeid er også nominert. Han er blitt ein av dei mest renomerte produsentane og låtskrivarane i Noreg. Han jobbar med dei aller største internasjonale stjernene våre. Mellom dei er Alan Walker, som han var med og skreiv suksessen «Play» for. Han har også i 2019 skrive musikk både for mellom anna Tungevaag & Raaban, Lemàitre og Julie Bergan.

Frode Kvinge Flatland frå Førde jobbar mellom anna som produsent og låtskrivar for Myra og Lars Vaular. Han står bak store hits som «Det ordner seg for pappa» og «Kroppsspråk.» I tillegg er han bassist i rockebandet Ungdomskulen frå Sunnfjord saman med Kristian Stockhaus og Øyvind Solheim. Han har også blitt nominert til spellemannspris som beste produsent.

Dan Mikal Ripe Frøystad både eig, driv og produserer i sitt eige platestudio i Sunnfjord. Han spelar også sjølv i fleire country og danseband, som Gungslingers, Steinar Engelbrektson band og Mona-Jill band. Frøystad er ei drivkraft i musikklivet, og arrangerte også i 2019 sin eigen julekonsert med musikarar frå Sogn og Fjordane. Han gir også ut musikk som artist sjølv, og vann i 2019 musikkonkurransen til festivalen Trøkk n’ Truck i Førde.

Folkemusikk

Spelemannslaget Fjelljom frå Stryn er også blant dei nominerte. Dei arrangerer mellom anna Fjelljomfestivalen med konsertar, kurs, treff med ungdomsprosjektet og utdeling av Bolstadprisen. I 2019 arrangerte dei Fylkeskappleik i Sogn og Fjordane i Stryn kulturhus. Dei vart og nominerte til FolkOrg sin pris «Årets lokallag» i 2019. Kvar veke spelar spelegruppa til dans enten i ungdomshuset Skogstjerna eller på Stryn omsorgssenter eller har vanleg øving. Spelemannslaget driv rekruttering både i spel og dans, og samarbeider med både Kulturskulen, Fjelli ungdomslag og Tysdagssvetten om dette arbeidet.

Førdefestivalen er også nominert. Førdefestivalen har levert over 30 år med internasjonal festival i Sunnfjord. Med artistar frå heile verda av høg kvalitet har dei sett Førde og festivalen på det internasjonale festivalkartet. Festivalen har hatt ei viktig rolle ved at dei har fokusert på viktige tema og vore ein pådrivar for å få fram nye artistar. Førdefestivalen har også stått bak eigenproduksjonar og fått musikarar med ulik bakgrunn frå heile verda til å samarbeide. Festivalen fekk seinast i 2019 ein gjev pris i konkurranse med 800 andre festivalar i Europa. Festivalen har aktivitet året rundt og har skapt viktige kulturarbeidsplassar i Sunnfjord.

Jazz og rock

Blant dei mange nominerte er også Jølster jazzklubb. I snart ti år har dei jobba for å spreie jazz med høg kvalitet i regionen. Dei arrangerer jazzfestival i Jølster, men også mindre konsertar året rundt. Med festivalen «Jazz på Jølst» har dei i mange år klart å få store stjerner til scenene sine, samt at dei har vist fram mange nye spennande lokale talent.

Malakoff har sidan starten levert festival av høg kvalitet på Nordfjordeid. Litt etter litt har dei vakse  til ein av dei største festivalane på Vestlandet, og etter fleire år med om lag 30.000 besøkande har dei sagt at dei ikkje ønskjer å bli større. Festivalen har vist fram både lokale, nasjonale og internasjonale stjerner i den vakre parken midt i Nordfjordeid. Kvart år sørgjer mange hundre frivillige for at det er mogleg å arrangere ein slik stor festival i ei lita bygd. Festivalen har fleire gonger blitt nominert til Noregs beste festival.