Nordfjordrådet. Arkivfoto.

- Viktige gjennomslag for Nordfjord

Lesarinnlegg:

Innstillinga frå Fylkesutvalet i Vestland om Nasjonal Transportplan (NTP) 2020-2023 er gledeleg for Nordfjord, og eit godt utgangspunkt for å utvikle regionen vår vidare inn i framtida.

Nordfjordrådet valde å stå samla om felles prioriteringar innanfor samferdsle inn mot det nye fylket. Desse prioriteringar ser vi no att i Fylkesutvalet si innstilling om ny NTP:


  • Eit nær samla Fylkesutval (alle unnateke FNB) står samla om å prioritere Stad Skipstunnel, med innstilling om byggestart som tidlegare vedteke av Stortinget i 2021

  • Eit samla Fylkesutval krev ny tunnel på RV15 Strynefjellet av omsyn til tunneltryggleiksforskrifta, vanskeleg vinterdrift og rasfare – og i innstillinga er det presisert at det må skje ved utbygging av allereie vedteke konsept (B1).

  • Eit samla Fylkesutval prioriterer E39 som hovudferdsleåre for Vestland, med prioritet av utbygging av strekningane mellom fjordkryssingane fyrst og mål om ferjefri E39 på sikt. I innstillinga frå Fylkesutvalet er det konkret krav om utbetring av flaskehalsane mellom Byrkjelo-Sandane i første periode av ny NTP, og om utbygging av Byrkjelo-Grodås som del av ein samla langsiktig plan for framtidas E39.


Heilskapen i dette er avgjerande for framtidig utvikling Nordfjord. Vi er nøgde med at alle desse hovudprioriteringane er inne i dei øvste punkta av Fylkesutvalet si innstiling. Det er også gledeleg at Fylkesutvalet har vedteke eit eige punkt om ferjeavløysing som strategisk satsingsområde i NTP, stilt seg bak Kystverket sine prioriteringar av tiltak i farledene (fleire av desse mellom Florø og Måløy) og legg stor vekt på felles distrikts-utfordringar for Vestland som opprusting av fylkesvegane, rassikring og høgfartsbreiband til alle innan 5 år. Nordfjordrådet stør også fagetatane og Fylkesutvalet sitt framlegg om å prioritere opprusting av Rv5 Markegata i Florø.

Som ordførarar i Nordfjord kjem vi til å halde oppe trykket på å løfte fram den store trongen for betre samferdsle for å utvikle samfunna våre, både inn mot endeleg handsaming av NTP-uttalen i Vestland på Fylkestinget 12. mai og vidare arbeid med ny NTP inn mot Regjering og Storting.

Vi meiner det er viktig at Nordfjord her står samla – både som region og saman med andre regionar og interessegrupper i Vestland.

 

Alfred Bjørlo, ordførar i Stad og leiar i Nordfjordrådet

Per Kjøllesdal, ordførar i Stryn og nestleiar i Nordfjordrådet

Leidulf Gloppestad, ordførar i Gloppen

Ola Teigen, ordførar i Kinn