Heim   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Vil gje lesarane innblikk i den nære historia

– Vi ønskjer å ta opp att tradisjonen med å setje innsende bilete på trykk, og håpar lesarane tek kontakt med oss, seier Anders Ryssdal (f.v.) og Jan Nik. Hansen. Dei vil vidareføre spalta «Før i verda», som Jan Kåre Fure starta for 25 år sidan.

Vil gje lesarane innblikk i den nære historia

For 25 år sidan starta Jan Kåre Fure spalta «Før i verda» i Firda Tidend. No tek Anders Ryssdal og Jan Nikolai Hansen over arbeidet. – Målet med denne spalta er å gje lesarane innblikk i den nære historia vår, seier dei.

Jan Kåre Fure leverte si siste spalte av «Før i verda» ved årsskiftet.

Stort kjeldemateriale

– I oktober 1994 vart eg tilsett som journalist i Firda Tidend. Eg var interessert i lokalhistorie, og hadde vore med i redaksjonen i «Jul i Nordfjord» i fleire år. Gjennom gamle aviser sat vi på eit stort kjeldematerieale, og eg trudde det ville vere interessant for lesarane med eit historisk tilbakeblikk. Det var bakgrunnen for at eg lanserte idéen til «Før i verda», fortel han.

Fure begynte med spalta i januar 1995.

– Å leite fram stoff til «Før i verda» vart ein del av jobben i avisa. Sjølv om eg gjekk tilbake til stillinga eg hadde hatt i Gloppen kommune, heldt eg fram dette arbeidet på frilansbasis. Vi var samde om at eg ikkje var nøydd til å vere ein del av redaksjonen for å gjere det, seier han, og legg til at arbeidet har vore både gjevande og interessant.

– Lærerikt og nyttig

– Samtidig har det vore svært lærerikt. Å bli kjend med historia har òg vore til stor nytte i den jobben eg har. Historia blir godt synleg gjennom lokalavisa, og i dag har eg god oversikt over korleis Gloppen-samfunnet har utvikla seg dei siste 50 åra, seier han.

– Kvifor gjev du deg etter desse 25 åra?

– For ein del år sidan sette eg meg eit mål om å halde på i 25 år. No er det eg skreiv om for 25 år tilbake blitt 50 år sidan. Dermed har eg på ein måte kome rundt, og eg føler dette er eit høveleg tidspunkt å avslutte engasjementet mitt på, seier Jan Kåre Fure.

Då han starta spalta, begynte han med årgangane 1945 og 1970.

– Det var spennande å bla i avisene frå krigen og lese om blendingstidene som innbyggjarane måtte ta omsyn til. Samtidig var det også utfordrande å finne stoff frå denne tida. Ein del aviser mangla nemleg i arkivet, men det er blitt betre etter kvart. Samtidig skreiv ikkje Firda Tidend på denne tida så mykje om lokale hendringar. Først på 1960-talet vart det meir fokus på lokalt stoff, seier han.

– Det har vore kjekt

– Du har brukt ein del tid på kvar spalte?

– Eg har brukt mykje tid på dette, to-tre timar for veka, fortel han.

Spalta opnar med ei hovudsak eller eit hovudbilete øvst på sida. Visst det har vore mogleg å relatere dette til noko aktuelt, har Jan Kåre Fure gjort det. Dei 15 første åra hadde han eit nært og godt samarbeid med Ola Nyhagen om «Før i verda». Saman oppmoda dei lesarane om å sende inn bilete, og det var det også mange som gjorde i starten.

– Etter kvart tørka dette heilt ut. Då gjekk eg over til berre å bruke avisa. I den seinare tid har eg også teke med ei ti år gamal hending eller sak nedst på sida. I dei åra eg har halde på, har eg fått mange positive tilbakemeldingar. Det har vore kjekt å drive på med dette. Samtidig har eg hatt ansvaret i 25 år, og har ikkje hoppa over ein einaste fredag. I samband med feriar har eg gjerne levert frå meg tre-fire spalter før eg har reist nokon stad, seier han, og gler seg over at Anders Ryssdal og Jan Nik. Hansen no tek over stafettpinnen.

– Eg håpar dei kan utvikle spalta vidare, seier han.

Ønskjer bilete

Også Anders Ryssdal og Jan Nik. Hansen har vore journalistar i Firda Tidend.

– Lokalhistorie er viktig, og det som har stått i avisspaltene for 50 og 25 år sidan blir drege fram i «Før i verda». Eg er sikker på at det vil vere lærerikt å halde på med dette, seier Ryssdal.

Hansen legg til at begge er interesserte i lokalhistorie.

– Eg trur «Før i verda» har vore eit pluss for avisa. Difor meiner vi det er viktig å vidareføre denne spalta, seier han.

– Gler de dykk til å ta fatt på arbeidet?

– Det blir spennande. Vegen må bli til medan vi går, men vi ønskjer å ta opp igjen tradisjonen med innsende bilete, og håpar at dei som har interessante motiv liggjande tek kontakt med oss. Vi kan nåast på e-postadressa jannik@firdatidend.no. Vi er begge pensjonistar. Difor kan vi garantere at vi ikkje klarer å halde på like lenge som Jan Kåre, men vi skal gjere vårt beste for å lage ei interessant spalte, seier dei.