Rådmann Ellen Jensen flankert av varaordførar Jakob Andé Sandal (t.v.) og ordførar Oddmund Klakegg ønskjer å takke alle i Jølster som har hjelpt til i samband med rassituasjonen siste veka.

-Vi vil takke Jølster

Sidan tysdag ettermiddag har den politiske og administrative leiinga i Jølster vore samla meir eller mindre natt og dag for å styre hjelpearbeidet etter uvêret som herja vestre del av bygda.

Fredag ettermiddag gjekk det som siste dagane har vore krisestab over til meir normal, kommunal leiing. Vi møtte ordførar og rådmann fredag rundt lunsjtider i omsorgssenteret på Vassenden der krisestaben var samla fredag

Audmjuk orførar

Eg er veldig audmjuk overfor den støtta vi har fått frå alle dei frivillige som har stilt opp, men også rådmannen sin stab som har stått på langt ut over det vi kan forvente. Absolutt alle har lagt eigne problem og skadar til side for å hjelpe andre. Det var også ein utruleg innsats av frivillige når det vart etablert evakueringsmottak i Gjesthalla og på Vassenden skule og av alle båtane som stilte opp, fortel ordførar Oddmund Klakegg som var på Lillehammer då alarmen gjekk rundt kl. 17.00 tysdag kveld. Han var tilbake i Jølster ut på natt til onsdag og har sidan vore engasjert i krisestaben.



Rådmannen sat innesperra i Førde

Rådmann Ellen Jensen var i Førde, der ho bur, då alarmen gjekk. Då hadde det allereie gått ras i Movika og ho kom seg ikkje til Jølster.

-Eg måtte då sette krisestaben på første og beste plass og det var lensmannkontoret i Førde. Der fekk eg komme inn og fekk tilgang til politet sitt naudnett, noko som etter kvart vart verdfullt sidan mobilnettet ganske fort datt ut. Eg var i starten aleine på kontoret i Førde, men etter litt kom også kommunalsjef Kirstin Bruland til. Saman sat vi to aleine til midnatt då fleire kom til. Samtidig samla det seg folk frå administrasjonen i kommunehuset på Skei. Takka vere naudnettet heldt vi kontakta med kvarandre og fekk etter kvart organisert arbeidet. Vi fekk kartlagt dei som var evakuerte til mottaket på Vassenden og og vi oppretta ein pårørandetelefon på kommunehuset. Grunna ein svært utfordrande situasjon når det handla om kommunikasjon, så hadde vi ikkje full oversikt over evakuerte og bebuarar i rasområda før onsdag kveld. 15-20 menneske vart oppsøkte av brannfolk. Og eg må på alle måtar berømme brannfolka våre som nok ein gong gjorde ein fantastisk innsats. I starten opererte vi med berre ti stykker, men det kom til fleire etter kvart. Saman med folk frå heimesjukepleien gjekk dei mellom anna rundt med medisinar til folk, og dei har på alle måtar gjort ein utruleg innsats denne veka. dei er limet i alt krisearbeid seier ein sliten, men likevel lukkeleg rådmann. Lukkeleg er ho fordi det trass alt kunne gått så mykje verre, sett i lys av rasa som dundra ned i byggefelt og andre bebygde område.



Lokale ressursar

Rådmann Ellen Jensen har vore ute ei vinternatt før, men på spørsmål om hendingane denne veka er det mest utfordande ho har vore med på som leiar, så er svaret ja.

- Eg har hatt ein del på den korte tida eg har vore rådmann i Jølster, mellom anna trailervelt på Vassenden og brann i Fjærlandstunnelen. Eg hadde også ein evakueringssituasjon som vikarierande rådmann i Førde, men dette er nok det mest utfordrande eg har vore med på, seier rådmannen som hadde berre nokre få timar samanlagt med søvn dei to første nettene.

-Men det har gått bra. Eg har hatt god hjelp av folk rundt meg og eg er slik samanskrudd at eg får eit ekstra påfyll av adrenalin når eg kjem i pressa situasjonar som dette. Eg kan bli meir sutrete når folk rundt meg surrar, smiler rådmannen som er klinkande klar på at utan dei lokale ressursane hadde det blitt vanskeleg.



-Dei har vore uhyre viktige utan å nemne namn, alle frå legar som stilte opp på mottaket på Vassenden til båtførarar, maskinentreprenørar, alle som har stilt heimane sine til disposisjon for evakuerte, alle som har delteke i søk og redningsarbeid, kort sagt alle som på ein eller annan måte har stilt opp. Vi skal vere klar over at vi hadde eit fullstendig isolert samfunn på 2000 menneske i to døgn, slikt er utfordrande.



 

-Det er vel kanskje meir utfordrande for ein liten kommune, eller ein større å takle ein slik situasjon?

-Slike situasjonar er utfordrande, same kva storleik det er på kommunen, svarar Ellen Jensen bestemt.

-I Jølster har vi den lokale evna til å stille opp og folk er tett på kvarandre. Vi fekk aldri nei når vi spurde om hjelp legg ordføraren til. Både han og rådmannen vil gjennom avisa få takke alle som ein eller annan måte har hjelpt til gjennom dei kaotiske dagane, ofte med risiko for eiga sikkerheit og utan omsyn til eigne behov.

-Det er rett og slett imponerande det vi har opplevd, seier dei to. Dei roser også innsatsen til vegvesen, politi, Fylkesmann og NVE, sjølv om dei kunne tenkt seg litt meir politiressursar i samband med evakueringa.



Ny fase neste veke

Krisestaben vart avvikla i dag, fredag. Frå neste veke blir det meir normal drift i kommunadministrasjonen, men rassituasjonen og alle skadane vil ha full fokus i lang tid.

-Kommande veke vil det viktigaste vere å hjelpe dei som er råka av rasa. Det psykososiale arbeidet vil også vere viktig, og vi oppfordrar alle som treng det om å ta kontakt med den psykiske helsetenesta i kommunen. Kyrkjene vil vere opne søndag der dei som vil kan finne ro og nokon å snakke med. Det blir også høve til samtale med prest, fortel rådmannen som også har lagt opp til to informasjonsmøte neste veke. Det første er måndag i gymsalen på Vassenden, tidlegare Heimyrkjeskulen og der vil det handle om generell informasjon om rashendingane. Det andre er onsdag der tema er naturskade.

-Hendingane onsdag vil prege oss veldig lenge. Det er kolossalt mykje som skal ryddast opp i og kartlegging av skadane startar over helga, seier rådmannen som får ordføraren til å skyte inn at Jølster har enorm kapasitet på anleggsmaskiner, og at mange av dei allereie er i gang med oppryddinga.

 



 

Det var slitne, men likevel nøgde kommunetilsette vi møtte på Vassenden omsorgsenter i dag (fredag)Her einingsleiar Ellen Bijsterbosch og Per Raftevold frå ddrift og kommunalteknikk. Raftevold fekk ei utfordring då vassleidningen til høgdebassenget på Vassenden vart riven av og bassenget tømt. Men dei fekk vassforsyninga på plass att relativt fort.
-Vi er trass alt heldige, det kunne gått så mykje verre. Eg tenkjer på dei pårørande etter han som er dakna. dei vil få den hjelp dei har bruk for, forsikrar rådmann Ellen Jensen.
- Eg har hatt god hjelp av folk rundt meg, seier rådmann Ellen Jensen. Her i samtale med Per Raftevold frå Drift og Kommunalteknikk.
Det har ikkje vore langt mellom telefonane til ordførar Oddmund Klakegg siste dagane.
Det er mykje som har fått skade. Det handlar om hus, vegar, bruer og dyrka mark. Her på Slåtten er mykje areal rasert og 130 rundballar har hamna i Jølstra.