Vi skal byggje framtid, ikkje fortid

Lesarinnlegg av Jan Erik Kjerpeseth, styreleiar BKK:


Torsdag for to veker sidan vedtok styret i Sunnfjord Energi at dei skal gå i dialog med BKK for å konkretisere forslaget om ein fusjon. Det er ikkje overraskande at samanslåingar innanfor kraftsektoren i fylket skapar debatt og engasjerer. Slik skal det vere.

Dette er ei særleg viktig sak for eigarkommunane som skal fatte langsiktige vedtak til beste for innbyggjarar og næringsliv. Nettopp fordi saka er viktig for regionen har mangelen på både fakta og presisjon i delar av mediedebatten overraska. Altfor ofte slepp ein unna med å synleggjere rasjonale for eigne posisjonar.

I tillegg driv no fylkeskommunen med utpressing mot eigarane i eit selskap dei sjølv ikkje har eigendelar i. Denne veka kom det truslar om at dersom ikkje eigarkommunane i Sunnfjord Energi dansar etter fylkeskommunen si pipe, vil det vente straff. Straffa er at eigarkommunane ikkje vil bli tilgodesett med aksjar i Sogn og Fjordane Energi som planlagt.

Tida er derfor inne for å minne om kvifor ein fusjon med BKK kan vere ei god løysing for eigarar, innbyggjarar og næringsliv i Sunnfjord. Kva betyr ein fusjon for arbeidsplassane? Kva vil det bety for kundane? Kva vil det bety for eigarane? Desse tre spørsmåla er alle viktige i utøving av ansvarleg og langsiktig eigarskap. Spørsmål som ikkje har fått gode nok svar i debatten så langt.

Kva betyr det for eigarane? Eigarperspektivet er knapt nemnt i mediedekninga av saka. Det undrar meg stort. I ei tid der kommunar strevar tungt med å få endane til å møtast må det vel vere kjærkomne inntekter, slik det er for eigarane i BKK?

Ei samanslåing mellom SE og BKK er ikkje eit sal av krafta, men ei samanslåing der eigarane (les: kommunane) i SE i praksis byter ut aksjane sine med aksjar i BKK. Ein får eigarskap i eit større selskap i eige fylke med vesentleg betre drift og lønsemd. Eigarkommunane vil eige like mykje vestlandskraft som i dag.

For eigarane i Sunnfjord Energi er det oppsiktsvekkjande stor forskjell i avkastning  på eigarskapet i SE har gjeve samanlikna med kva dei kunne fått i BKK i perioden 2003-2018. Eit eigarskap i SE med verdi 100 kroner i 2003 har gjeve eit samla utbytte på 50 kroner til eigarkommunane i denne perioden. Eit eigarskap i BKK har gitt eit utbytte på 93 kroner i same periode. Avkastninga har altså vore 86% betre.

Det er ei leiaroppgåve å syte for at kraftverdigane blir forvalta til det beste for innbyggjarane.

Kva betyr det for arbeidsplassar? Det er openbart at ein fusjon mellom SE og SFE der ein skal realisere heile 50 millionar i synergiar vil gå svært hardt ut over talet på arbeidsplassar i dei to selskapa. Kompetansemiljøet i Sunnfjord kjem sjølvsagt ikkje styrka ut av ein slik fusjon med Sandane.

BKK har som ambisjon å vekse innan kjerneverksemda som er vasskraft og straumnett, i tillegg til å bli leiande i landet på elektrifisering. Løysinga som er presentert frå BKK er å tryggje eksisterande arbeidsplassar, samt å leggje 20 nye kompetansearbeidsplassar til Sunnfjord i løpet av dei næraste åra. Løysinga vil og sikre lokal styring, leiing og kontinuitet. BKK er open for å leggje nokre av eigne satsingar som elektrifisering av oppdrett og kortbanenettet for flytrafikk til Sunnfjord. Dette vil styrkje kompetansemiljøet i regionen.

Kva betyr det for kundane? Styreleiar i Småkraftforeininga, Lars Emil Berge, seier det godt i eit lesarinnlegg nyleg. Han peikar på at eigarkommunane no må vurdere samanslåingar for å sikre konkurransedyktig nettleige, slik at nettleiga ikkje er til hinder for næringsutvikling. Tidlegare direktør i Sunnfjord Energi, Per Storegjerde, peikar på det same i eit intervju med Firda når han seier: «Tenk for ein gongs skuld på kundane. Slå saman nettet med BKK».

Dagens Næringsliv har vist kva nettleiga er hjå dei 101 nettselskapa i Norge i 2018. Det er berre 11 nettselskap som har høgare nettleige enn det kundane i Sunnfjord har. Eitt av desse 11 selskapa er SFE. Nettleiga vil altså ikkje ned med ein fusjon med SFE, men snarare svakt opp. BKK  har ei av dei lågaste nettleigene i landet.

Ei samanslåing med BKK betyr redusert nettleige med heile 75 millionar årleg for innbyggjarar og næringsliv i Sunnfjord. For næringslivet snakkar vi om opptil hundre tusen kroner i innsparing for ei vanleg bedrift. Eit normalt hushald vil kunne spare opp mot fem tusen kroner i året i nettleige.

Direktøren for Norges vassdrag og energidirektorat (NVE) gjekk for nokre veker sidan ut og sa at han no forventar at eigarar tek tak. NVE-sjefen, olje- og energiministeren og fleire politikarar peika på at straumkundar kan spare milliardar dersom fleire nettselskap slår seg saman i større einingar, og driv meir effektivt. Er det nokon som trur at dette er eit forvarsel på utjamning av nettleiga, og fjerning av det viktigaste incentivet for samanslåingar? Det er det sjølvsagt ikkje. Ei vesentleg utjamning av nettleiga er ikkje i kundane si interesse, og derfor kjem det heller ikkje til å skje. Eit nei til samanslåing med BKK er difor også eit nei til lågare nettleige for innbyggjarane i Sunnfjord.

Svaret på dei tre spørsmåla er såleis at ei samanslåing med BKK samanlikna med SFE vil gje vesentleg auka kraftinntekter for eigarkommunane, styrka kompetansemiljø og ei av dei lågaste nettleigene i landet for innbyggjarar og næringsliv.

Sogn og Fjordane og Hordaland skal no bli Vestland fylke. For å lukkast med å skape eit sterkt og attraktivt Vestland trengs det tettare samarbeid, og ei konstruktiv haldning til alle dei utfordringane vi i fellesskap står overfor. Ein av intensjonane med Vestland må vere å bygge eit sterkare fylke der vi samarbeider tettare for betre vilkår for næringslivet og utvikling av nye arbeidsplassar.

Til det trengs det leiarar i politikk og næringsliv som tek gjennomtenkte og framtidsretta vedtak. Ikkje leiarar som driv med utpressing og seier nei til alt av rein rutine. John Helge Lunde sa det presist i eit intervju i Firda for nokre veker sidan: «Det å seie nei til alt har aldri brakt noko framover».

Vestlandet har eit heilt unikt utgangspunkt som det er vår plikt å utnytte. Det har kanskje aldri vore viktigare, men det er ingen som seier at det kjem til å bli enkelt. Sunnfjordingen Fritjof Urdal har sagt det presist:

«Det er lettare å førebu seg til ei kjend fortid, enn til ukjend framtid.»