Heim   >   Nyhende   >   Vi shoppar mindre i utlandet

Nordmenn handlar litt mindre enn før når dei er i utlandet, går det fram av gransking. Foto: Gorm Kallestad/NTB scanpix/NPK.

Vi shoppar mindre i utlandet

Nesten 30 prosent av oss har redusert shoppinga i utlandet dei siste åra, går det fram av tal frå Danske Bank.

Granskinga, som er utført av YouGov på oppdrag frå Danske Bank, viser at 28 prosent av dei spurde seier dei handlar sjeldnare eller mykje sjeldnare i butikkar i utlandet no enn for to år sidan.

Faktisk er det tolv prosent som svarer at dei «mykje sjeldnare» går på shopping medan dei er utanfor Noregs grenser. Berre tre prosent oppgir at dei handlar «mykje oftare» i slike butikkar enn før.

– At Ola og Kari delvis har innført shoppestopp i utlandet synest eg er både logisk og forståeleg, seier sjeføkonom Frank Jullum i Danske Bank i ei pressemelding.

Han fortel at nordmenn i perioden frå 2010 til 2014 auka handelen sin i utlandet med rundt ti prosent kvart år, men at ein sidan den gong har sett eit litt anna bilete.

– Dette heng nok i stor grad saman med at den norske krona har halde seg overraskande svak dei siste åra. Per i dag kostar ein euro rundt 9,70 kroner medan ein dollar ligg på 8,60. Gitt betringa i norsk økonomi og at oljeprisen har gått litt opp dei siste åra hadde ein nok trudd at utanlandsk valuta generelt skulle liggje lågare enn dette, seier Jullum.

Undersøkinga viser også at det er dei frå 18 til 29 år som i størst grad har redusert pengebruken medan dei er i utlandet. Blant desse svarer 31 prosent at dei handlar mindre no enn for to år sidan. Dei over 50 er dei som i minst grad har snurpa att pengesekken. (©NPK)