– Vi må ikkje misse trua på at vi kan utvikle ein attraktiv fjordlandsby for kommunen sine innbyggjarar og dei som kjem på besøk. Det kan ta tid, gjerne ti år eller meir, men vi må vere tolmodige, seier medlemmene i kommunen sitt planforum. Framme f.v.: Beate Kornberg, Birte Fossheim og Torbjørn Brandsæter. Bak f.v.: Åslaug Haugset, Knut Roger Nesdal, Liv Jorun Andenes, Bjørn Aurlien og Kjell Petter Solhaug.

– Må tru at Sandane kan bli ein attraktiv fjordlandsby

– Arealet mellom Grandane Senter og Sandane Senter er sentralt i utviklinga av fjordlandsbyen Sandane. Det er viktig med ein brei strandpromenade slik at fjordfronten blir open for alle, seier planleggjarane i Gloppen kommune.

Planforum i Gloppen kommune ønskjer å setje søkjelyset på kva moglegheiter utkastet til områdereguleringsplan gjev for arealet som ligg mellom Grandane Senter og Sandane Senter.

Langsiktig arbeid

– Politikarane veit kva som ligg i planutkastet, men vi tenkjer at dette kan vere nyttig og viktig for innbyggjarane å kjenne til, seier rådgjevar Birte Fossheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho legg til at det ligg mykje arbeid bak det utkastet som no ligg føre.

– Vi har jobba med kunnskapsbygging og medverknad over tid. Det er blitt laga ein sentrumsanalyse, og vi har gjennomført eit parallelloppdrag som har gjeve oss eit godt utgangspunkt for vidare arbeid. Både politikarar og administrasjon har vore på studietur. På landsbysamlinga i februar fekk vi høyre kva andre tenkjer om utvikling av sentrale sentrumsareal, og vi ser at det vi har tenkt er riktig i høve til kva andre gjer, held ho fram.

Les også
-Fekk informasjon i lukka møte

– Levande sentrum

Planutkastet legg opp til ei framtidsretta utvikling av fjordlandsbyen.

– Målet er å byggje ein fjordlandsby som er triveleg å bu i og besøkje. Planen legg stor vekt på å bevare utsikt og tilgang til fjorden for alle. Vi ønskjer å skape eit levande sentrum, der mange har lyst til å vere. Å lage gode møteplassar og leggje til rette for mjuke trafikantar er viktige stikkord i så måte. Viss vi berre brukar bil, hindrar dette spontane og positive møte. Når folk brukar meir tid i sentrum, har vi tru på at dette også vil bidra til auka handel, seier rådgjevar Åslaug Haugset.

Å leggje til rette for fleire bustader i sentrum vil styrke attraktiviteten. Det har begge konsulentarbeida peika på.

– Skal det vere attraktivt for folk å busetje seg i sentrum, må det vere fint her. Dette må vi ha omtanke for, meiner avdelingsingeniør Bjørn Aurlien.

Inviterande fasadar

Og det er nettopp dette planutkastet tek utgangspunkt i når det gjeld området mellom Grandane Senter og Sandane Senter.

– Det skal vere næring i første etasje med inviterande og aktive fasadar og bustader i høgdene over. Det vert sett krav om at det minimum skal byggjast to etasjar for å få ei god arealutnytting, men dette kan skje gjennom fleire byggjesteg. Den breie strandpromenaden ved fjordfronten skal vere tilgjengeleg for alle. Den delen av bygningane som vender mot fjorden skal ha funksjonar som tener fellesskapet – til dømes kafé, restaurant, pub eller blomstertorg, seier Fossheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ved plasseringa av bygningar på området må ein syte for å oppretthalde siktlinjer mot sjøen – ikkje stenge utsynet med ein stor bygning. Det skal også vere mogleg for alle å gå mellom bygningane.

Det er utbyggjar som har ansvar for å løyse eigne parkeringsbehov, til dømes ved å byggje parkeringshus i ei indre kjerne i delar av utbyggingsområdet, eller i ein parkeringskjellar. Alternativt kan grunneigar og næringsdrivande samarbeide om parkering og sjå større delar av sentrum under eitt.

– Utbyggjar av tomta må også ta omsyn til Firda Billag sine behov når det vert laga detaljplanar for området. Bussterminalen med servicefunksjonar har ein viktig funksjon, og skal ha plass på tomta, opplyser dei.

Les også
– Vi må satse på å bli unike

– Må vere tolmodige

Når utkastet til områdereguleringsplan har lege ute til offentleg gjennomsyn, har det kome få merknader til akkurat dette arealet. Medlemmene i planforum meiner dette kan bety at innbyggjarane er nøgde.

– Vi har følgt plan- og bygningslova i høve til korleis slike planprosessar skal vere, og planen legg rammer for ei ønska utvikling. Når det ikkje har vore merknader til konkrete element i høyringsprosessen, er det i utgangspunktet ingen grunn til å snu om på alt mogleg på tampen. At det kjem ein så pass stor utbyggingsaktør i tolvte time med idéar som går på tvers av dei føringar som ligg i planen, føler vi som planleggjarar er utfordrande, seier Bjørn Aurlien.

Knut Roger Nesdal meiner kommunen må tore å velje ei retning.

– Vi må tore å stå i det og vere tolmodige. Vi må ikkje bli så utolmodige at vi sluttar å tru på det produktet vi har og dei langsiktige tankane vi har for fjordlandsbyen. Å bruke Firda Billag-tomta feil no vil stoppe utviklinga av Sandane, seier han.

Pål Egeland i Folksom AS presenterte denne skissa som inspirasjon under landsbysamlinga 7. februar.