Skal Sandane bli landsby?

Vi må alle bli vertar

Kommunestyret i Gloppen har vedteke at Sandane skal vere ein fjordlandsby. På landsbasis er det fleire tettstader som har valt å profilere seg som landsby. Hausten 2017 skipa kommunen til ein studietur til dei to landsbyane Dokka og Ringebu, og både representantar frå administrasjonen, det politiske miljøet og næringsdrivande var med på turen.



På det siste kommunestyremøtet før sommaren var kommunalsjef Britt Åse Høyesveen invitert for å orientere om arbeidet som pågår i landsbyen Ringebu. Ho har i fleire år jobba med å utvikle Ringebu med utgangspunkt i ein landsbymodell. Føremålet med orienteringa var å spreie kunnskap om landsbyorganisering og lære av Ringebu.

Å kalle Sandane for ein landsby meiner Høyesveen er eit klokt val. Ho la vekt på at vi må forsterke det vi ønskjer å bli gode på og framheve det som er unikt med tettstaden vår. Ho meiner det er viktig at folk bur i sentrum, og vil ha fortetting for å sikre eit kompakt og levande sentrum.

Sidan det ikkje lenger er så vanleg å besøkje kvarandre utan å bli inviterte, er det avgjerande å leggje til rette for uformelle møteplassar i sentrum av ulikt slag. Høyesveen var også opptatt av å ta uterommet i bruk til aktivitetar. Gågata i Ringebu byr på torghandel kvar laurdag gjennom heile sommaren.

– Det er ikkje så mykje som skal til. Ein treng ikkje ha store arrangement heile tida. Det kan vere så enkelt som å lage ein påskeverkstad i sentrum. Er det ein butikkeigar som er interessert i volleyball, kan denne personen bidra med å lage ei volleyballturnering i parken. Det trekkjer folk, sa Høyesveen, og viste til at aktivitet i sentrum er svært viktig for butikkeigarane. Det er også bakgrunnen for at kvar bedrift i Ringebu betalar inn mellom 7000 og 17.000 kroner til marknadsforeininga, som fungerer som sekretariat for alle arrangement. Ringebu har også laga ei eiga nettside som viser kva aktivitetar landsbyen tilbyr – og ikkje minst – dei har lagt til rette for trådlaust nett i sentrum slik at det er meir attraktivt å opphalde seg der. – Home is where Wi-Fi connects automatically, kommenterte kommunalsjefen.

Kommunen må vere ein katalysator for at ting skal skje og bidra til at dei som har gode idéar kan realisere desse.

– Idear kan vi kome med alle, men det er ikkje sjølvsagt at det er kommunen som skal setje dei ut i livet. Vi må ansvarleggjere dei som sit på ideane, slo Høyesveen fast, og understreka dermed samtidig at alle innbyggjarar har eit ansvar for å vere med på å utvikle fjordlandsbyen Sandane.

Éin ting som Høyeseen nemnde beit vi oss merke i. – Ver vertar! Ver serviceinnstilte! Det har effekt! Det gjev turistar og andre som besøkjer Sandane positive assosiasjonar til plassen, understreka ho. Og det har ho har heilt rett i. For er det noko vi forbind med stader vi har vitja – er det nettopp positive opplevingar knytt til hjelpande personar når vi trengde det som mest – som forretningsmannen i dress som på veg til jobb i London tok seg tid til å vise oss kvar minibanken var då vi nettopp hadde kome til byen. Slike hendingar gløymer ein aldri, og det er slike uforgløymelege møte vi alle kan bidra til å skape på den staden vi bur.

Det blir spennande å følgje arbeidet til det nyoppretta landsbyrådet for Sandane framover, og vi håpar at rådet vil bidra til å skape meir liv og røre i sentrum. For det har både ein sosial, kulturell og økonomisk verdi at innbyggjarar og besøkjande brukar «rommet mellom husa» på Sandane til varierte aktivitetar – heile året. Å skape uformelle møteplassar vil gje grunnlag for eit levande, inkluderande og attraktivt lokalsamfunn. Det er igjen ein føresetnad for å behalde og trekkje til seg innbyggjarar og kompetanse i framtida.

Skal Sandane bli den fjordlandsbyen mange drøymer om, må vi alle bli vertar og bidra til å ta vel imot dei gjestene som kjem hit.