Prestestudentane Sigurd Navrestad (t.v.) og Jørgen Johnsen, har begge hatt praksis i Jølster siste vekene. Framme son til presten, Birk.

-Vi har likt oss veldig godt her

I ein månad har prestestudentane Jørgen Johnsen og Sigurd Navrestad Wennesland hatt praksis i Jølster under leiing av sokneprest Silje Sørebø



I dag, første påskedag  var dei med på si siste gudsteneste i Jølster. Det handla om den tradisjonelle påskegudstenesta i Helgheim kyrkje, der konfirmantane frå begge sokna deltek og avsluttar med bading i Jølstravatnet.

Tysdag er det slutt

Dei to studentane har vore i Jølster i ganske nøyaktig ein månad og har hatt kvar si preike i kyrkjene, i tillegg til at Jørgen Johnsen også tok seg av preika under sportsgudstenesta i Jølster skisenter i samband med Even Hole Cup Skjærtorsdag.



-Silje er veldig flink og vi har hatt ei fin tid i Jølster på alle måtar, fortalde Sigurd Navrestad Wennesland. Men korkje han eller kollegaen våga seg ut i Jølstravatnet. Men begge studentane gav uttrykk for at det hadde vore kjekt å bli litt kjend med bygda og folket dei vekene dei har vore her. Tysdag reiser dei tilbake til studiane.

Svært mange deltok

Det varierer frå år til år, både kor mang konfirmantar det er og kor mange som badar. I år var det 38 konfirmantar i Jølster og over 30 av dei kasta seg ut i det iskalde vatnet saman med presten.

-Det var kaldt, men eg kjenner ikkje skilnad på temperaturen frå år til år, sa Silje Sørebø då ho kom på land att og kledde på seg påskeharekostyme og varma seg ved bålet i fjæra i lag med konfirmantane. Presten kunne elles fortelje at det har vore god oppslutning om gudstenestene i påska i Jølster.



-Utan at eg har dei nøyaktige tala i hovudet, så trur eg at vi nærmar oss 1000 menneske til saman. Det betyr at nær tredjeparten av folketalet i jølster har besøkt kyrkjene i påska, og det må vere bra, konkluderte presten, som meinte at noko av grunnen til dette er at jølstringane i hovudsak held seg heime i påska, i motsetnad til folk i byane.

Over tretti av konfirmantane kasta seg ut i det kalde Jølstravatnet.
Jørgen johnsen bada ikkje, men grilling av marshmallows var han med på.
Det var godt å varme seg ved bålet etter det kalde badet.