Oppvekstsjef Per Arne Strand i Gloppen kommune.

- Vi har lagt ein plan for skuleopninga

Alle grunnskuleelevane i Gloppen kommune skal tilbake til skulebenken komande veke, til litt ulike tider. 

Ved Nordstranda skule og Breim skule er elevane tilbake måndag, i Hyen dagen etter for 6.-10. klasse.

På Sandane skule skal 1.-4. klasse gå som vanleg, medan 5.-7. klasse skal gå tre dagar på skulen og ha heimeskule i to dagar.

- B-klassene skal gå måndag, onsdag og torsdag, medan A-klassene går tysdag, onsdag og fredag. Det blir slik fram til Kristi Himmelfartsdag, fortel oppvekstsjef i Gloppen kommune, Per Arne Strand.

Også ved Gloppen ungdomsskule blir skuleveka delt mellom klassene.

- 10. klasse er på skulen måndag, tysdag og onsdag, 8. og 9. klasse torsdag og fredag komande veke. Vidare plan her kjem vi tilbake til, opplyser Strand.

Lågare terskel

Han fortel at gloppeskulen er litt meir pressa på personale i desse tider enn han vanlegvis er:

- Det er lågare terskel for å vere heime. Har ein snev av symptom, skal ein ikkje på skulen.

Også skuleskyssen knyter det seg ei viss spenning til før full gjenopning av skulane i kommunen. Dette har å gjere både med tilgjengeleg materiell, sjåførar og kapasitet på dei enkelte rutene ut frå smittevernreglar.

- Vi oppmodar alle som ikkje treng å gjere seg nytte av skyssen om å kome seg på skulen på anna måte. Viss alle brukar skyssen, blir det for liten kapasitet, men enn så lenge trur eg det skal gå bra, seier oppvekstsjefen.

- Betre enn venta

Dei yngste elevane har no vore på skulen i to veker.

- Det har gått veldig bra, betre enn venta. Ungane har vore veldig flinke og disiplinerte, og dei tilsette har stått på og takla situasjonen på ein god måte, meiner Per Arne Strand.

Det er åtte veker sidan sist dei eldre elevane var på skulen.

- Det har vore litt slitasje på ein del. Nokre har det fungert heilt fint for, andre ikkje like fint. Det har vi sett litt etter kvart, seier Strand og legg til at det kan vere bra både for ungar, tilsette og ein del foreldre at skulane no kjem skikkeleg i gang att.