Firda-rektor Hallgeir Hansen. Arkivfoto.

– Vi har ikkje kutta støtta

– Det er ikkje rett at vi har kutta støtta til Auducatius Foundation. Det vi har sagt, er at vi er i ein prosess der vi arbeider med korleis vi skal gjere dette framover, seier Firda-rektor Hallgeir Hansen.

Det var i papiravisa fredag 16. november Firda Tidend skreiv at den vidaregåande skulen på Sandane har bestemt seg for å avslutte samarbeidet med den svenske hjelpeorganisasjonen som elevane har samla inn pengar til sidan 2014. Ifølgje rektoren er dette direkte feil.

– Vi har ikkje bestemt oss for å kutte noko som helst, understrekar Hansen, som måndag kalla elevar og tilsette inn til allmøte for å imøtegå det som stod i lokalavisa:

– Det er rett at vi har pengar på bok som vi ikkje har sendt enno. Etter avisoppslaget har vi sjekka litt på eiga hand, og vi har ikkje endra planane om å sende også desse pengane til prosjektet i Tanzania.

Artikkelen om Firda sine innsamlingsaksjonar står på same side som ein artikkel om at det er stor sjanse for å bli svindla når ein sender pengar til hjelpeorganisasjonar som ikkje er godkjende av Innsamlingskontrollen.

– Dette er ei svært uheldig kopling. Eg ser ikkje at det er grunnlag for å mistenkeleggjere den organisasjonen vi sender pengar til slik det er gjort i denne artikkelen, seier Hallgeir Hansen.

Han understrekar at Firda-elevane si innsamling i neste veke kjem til å gå som planlagt.

 

Firda Tidend beklagar

Firda Tidend er svært leie for at denne saka og Hallgeir Hansen sine uttaler i artikkelen i fredagsavisa ikkje er riktig framstilte. Dette beklagar vi på det sterkaste.

Red.