Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

– Vi har fått ein god start på 2019

Sparebanken Sogn og Fjordane står midt i eit stort generasjonsskifte, men det går ikkje utover resultata. Inntektene til banken har auka med over 30 millionar kroner, viser ferske tal.

– Vi har fått ein god start på 2019, seier administrerande direktør Trond Teigene.

Det viser også tala frå årets første kvartal. Den største banken i fylket har ei samla inntekt på 282 millionar kroner, noko som er 33 millionar meir samanlikna med det første kvartalet for eitt år sidan. Totalresultat enda på 126 millionar kroner, mot 97 millionar i same periode i fjor.

Dette har samanheng med eit godt resultat frå mellom anna finansielle investeringar, vekst i netto renteinntekter og låge tap på utlån.

60 nye tilsette siste tre åra
Banken er inne i ei tid med betydelege omstillingar som krev ny kompetanse. Dei tre siste åra har Sparebanken Sogn og Fjordane tilsett til saman 60 nye medarbeidarar. Desse erstattar dyktige medarbeidarar som har gått av med pensjon, men mange representerer også ny kompetanse som vil vere avgjerande for å utvikle banken vidare.

– Det er fullt mogleg å gjennomføre omfattande fornying av organisasjonen, og samstundes levere vekst og gode resultat, seier Teigene og held fram:

– Den sterkast veksande aldersgruppa i verda i dag er dei over 65 år, og dette treffer Sogn og Fjordane med tyngde. Éin av fire arbeidstakarar når pensjonsalder innan fem-seks år, difor er rekruttering fylket si største utfordring dei neste åra. Banken er likevel eit døme på at det er mogleg å møte denne utfordringa, seier Teigene.

Gir 45 millionar tilbake
Dei gode resultata til banken gjer at store summar blir førte tilbake til samfunnet gjennom støtte til allmennyttige formål. Berre i 2019 vil om lag 45 millionar av banken sitt overskot bli delt ut til slike formål.

– Gode resultat gjer at vi har moglegheita til å ta ei aktiv og sterk samfunnsrolle, og gjennom det bidra til nyskaping og aktivitet. Noko vi mellom anna no ser med alle dagsturhyttene. Det er utruleg kjekt for oss å sjå all aktiviteten det er på desse hyttene rundt om i heile Sogn og Fjordane. Det skaper stoltheit hos meg og våre tilsette, seier Teigene.

Det er den siste veka gjennomført offisielle opningar i Stryn, Vågsøy, Førde og Sogndal, med til saman 1500 besøkande. I løpet av 2019 skal det stå klar dagsturhytte i alle dei 26 kommunane i fylket.