Vi bygger framtid kvar dag, Kjerpeseth

Lesarinnlegg av Johannes Rauboti, konsernsjef i SFE:

I ein kronikk i fylket sine aviser skriv styreleiar i BKK om dei mange fordelane ved at BKK får overta Sunnfjord Energi, og dermed bli ein sterkare aktør i vår del av nye Vestland fylke. Kjerpeseth etterlyser også meir fakta og presisjon i mediedebatten. Det siste er eg heilt samd i, men sidan Kjerpeseth sin kronikk på fleire områder bidreg til det motsette – er eit tilsvar nødvendig.

Nettleige som lokkemiddel

Styreleiaren i BKK viser ein rørande omtanke for nettkundane i Sunnfjord si høge nettleige. Det er riktig at mange av nettkundane i Sogn og Fjordane betalar ei høgare nettleige enn i dei store byane. Det skuldast dels at vi bur spreidd og har ein krevjande natur. Men mykje av grunnen er også stor ny energiproduksjon i området. Det er ein stor systemfeil at det er folk i områda med kraftproduksjonen som sit att med rekninga for nytt nett som må byggast. SFE har over lang tid peika på dette overfor sentrale styresmakter. Det BKK-styreleiaren vel å ikkje skrive i kronikken, er at BKK over tid har reist til Oslo med krav om at politikarane ikkje må utjamne nettleiga. Seinast i høyringane i Stortinget før jul var denne bodskapen framført av det same selskapet som no vil «berge» folk i fylket frå høge nettrekningar. Rettferdig nettleige skal ein visst altså berre få dersom ein tilsluttar seg BKK.

Kjerpeseth påstår vidare bastant at ei politisk løysing på denne saka ikkje kjem. Det må stå for hans rekning. Fakta er likevel at til tross for BKK sine protestar har dei mange energiselskapa som har arbeidd for eit meir rettferdig system  fått gehør for innvendingane sine. I regjeringserklæringa frå januar står det i alle fall at regjeringa vil «Utrede og fremme tiltak for å utjevne nettleien for alle forbrukere gjennom et mest mulig effektivt organisert strømnett.» Det er også eit fleirtal på Stortinget for ei meir rettvis ordning. Sist eg sjekka var det heldigvis regjering og storting som styrte landet og ikkje BKK-styret. Kva utfallet av denne saka blir, er for tidleg å seie, men kanskje er det lurt for eigarane av Sunnfjord Energi å ha is i magen å sjå om det kjem ei politisk løysing. Påstandane om at nettleiga for innbyggarane i fylket vil auke dersom Sunnfjord Energi går saman med SFE er ikkje berre misvisande, dei er direkte uriktige.

Verdiane i Sunnfjord Energi, SFE og BKK

Det mest oppsiktsvekkande i Kjerpeseth sitt innlegg er likevel der han omtalar kva ein har fått att for eigarskapen i energiselskapa og han brukar utbytte kommunane har motteke i perioden 2003 – 2018 som eksempel. Det må mildt sagt vere å fortelje berre halve sanninga. Kan bankmannen Kjerpeseth ha gløymt at storleiken på sjølve bankkontoen er minst like viktig som kor mykje du tek ut i minibanken? Sanninga er nemleg at dersom ein tek med både utbytte og utviklinga av verdiane i selskapa Sunnfjord Energi, SFE og BKK, har eigarane av SFE og Sunnfjord Energi hatt ei tydeleg betre verdiutvikling enn BKK-eigarane. Ein hundrelapp investert i BKK i 2003 har gitt 150 kroner avkasting fram til i dag. Avkastinga på hundrelappen i Sunnfjord Energi har vore 175 kroner, og 200 kroner i SFE. Det burde ikkje minst BKK kjenne til sidan dei er eigar i begge dei andre selskapa.

Framtida blir også skapt her!

Vi skapar framtid kvar dag. Saman med Sunnfjord Energi eig SFE Enivest, ein lønsam breibandsaktør som har vore viktig for utbygging av breibandsnettet i fylket vårt. I Lefdal Mine Datasenter har kapital frå Sogn og Fjordane Energi vore med å realisere ideen til dyktige gründerar i ytre Nordfjord. Det viktige selskapet Enoro i Dale sprang ein gong ut frå Sunnfjord Energi. Saman med Sunnfjord Energi bygger SFE no Jølstra Kraft, eit prosjekt BKK «hoppa av» i siste time, men som no vert realisert takka vere samarbeid mellom dei lokale selskapa. Og når SFE skulle hente inn pengar for å realisere kraftutbygging, tilførte kommunar i fylket og Sogn og Fjordane fylkeskommune over 200 mill. kroner i eigenkapital til selskapet. Medan BKK sa nei! Vi trur lokalt eigarskap betyr noko!