Nye Farmen-kjendisar. Bak frå venstre: Espen Rustad Thoresen, Anniken Jørgensen, Signy Fardal, John Arne Riise, Thomas Felberg. Foran, fra venstre: Eli Kari Gjengedal, Sølge Bergman, Terje Sporsem, Kine Olsen Vedelden og Lasse Matberg. Framme: Øde Nerdrum og Ida Fladen. Foto: Espen Solli/TV 2.

Vestnorske kjendisar på Farmen

Blant kjenningane som er på plass når Farmen kjendis 2021 no går i innspeling, er John Arne Riise, Signy Fardal, Eli Kari Gjengedal og Terje Sporsem.


Høgst ulike personlegdommar er no i gang med å spele inn det som skal bli Farmen kjendis 2021. 12 norske kjendisar har booka seg inn på Lundereid gard i Kragerø kommune, melder TV 2.


Tidlegare landslagsutøvar i Freestyle og vinnar av Farmen Kjendis 2019, Tiril Sjåstad Christiansen, leier programmet for andre gong og seier via pressemeldinga:


– Dette er ei gruppe sinnssjukt kule og morosame personlegdommar med eit stort spenn i erfaringar og bakgrunn. Hadde eg ikkje vore programleiar, skulle eg gjerne vore deltakar sjølv.


Ved sida av Riise (39), Fardal (58). Gjengedal (49) og Sporsem (43) møte vi Lasse Matberg (34), Anniken Jørgensen (23), Espen Rustad Thoresen (61), Øyde Nerdrum (24), Kine Olsen (26)
, Ida Fladen (34) og Sølje Bergman (45).

Oppfinnar Erik Alfred Tesaker stakk av med sigeren i årets utgåve av Farmen Kjendis. Raudt-politikar Mimir Kristjansson, Frp-politikar Per Sandberg og den svensken hollywoodfrua Gunilla Persson var blant dei som deltok.


TV 2-programmet «Farmen kjendis» er eitt av dei mest populære på kanalen.


(©NPK)