Heim   >   Fylket   >   Vestlandet blir vêrvinnaren inn mot helga

Vestlandet blir vêrvinnaren inn mot helga

Vestlendingane er vêrvinnarane ved inngangen til helga, men elles blir det skiftande med både sol, vind, regn og snø.

Allereie frå torsdag kan ein på Vestlandet nyte nesten sommartemperaturar på mellom 15 og 18 grader. Dette kjem mellom anna av føneffekten og eit høgtrykk i nord og eit lågtrykk i Storbritannia.

– Fredag blir det framleis pent vêr, men kanskje litt meir skya og ikkje særleg nedbør, seier statsmeteorolog Marit Berger ved Meteorologisk institutt til NTB.

Noko dårlegare i helga

Første del av helga blir det noko dårlegare vêr med periodar både med nedbør og sol. Nedbøren vil kome som regn i lågareliggjande strøk og ved kysten, og som snø/sludd i høgareliggjande strøk.

Også Austlandet startar med relativt pent vêr, men temperaturane blir ikkje like høge som på Vestlandet, og det vil òg vere ein del meir skyer gjennom heile perioden og over helga.

– I det heile vil vêret i Sør-Noreg og Midt-Noreg vere noko ustabilt og vekslande, seier Berger.

Usikre prognosar

Noko spesielt varmt vårvêr kan ho ikkje love neste veke, verken på Austlandet eller Vestlandet.

– Prognosane for neste veke sprikjer ganske mykje, så det blir framleis ein skiftande vêrtype også framover, seier ho.

Kjøligare i Midt- og Nord-Noreg

I Midt-Noreg vil også vêret skifte mykje gjennom heile perioden, med ein del vind nord for Trondheim. Temperaturane vil vere lågare enn lenger sør i landet, og det vil kome ein del nedbør i lågareliggjande strøk og ved kysten. Denne nedbøren vil kome som regn, medan det igjen blir snø/sludd i høgareliggjande strøk og i innlandet.

– I Nord-Noreg vil det bli relativt kjølig, stort sett med kuldegrader. Dermed vil nedbøren i nord stort sett komme som snø. Aller lengst nord vil det komme ein del pålandsvind, seier Berger. (©NPK)