Fylkeskommunen er i gong med å finna dei beste tiltaka for å hjelpe næringsliv, kultursektoren, idrett og frivillige organisasjonar.

Vestland vil hjelpa næringsliv og frivillig sektor

Fylkeskommunen er i gong med å finna dei beste tiltaka for å hjelpe næringsliv, kultursektoren, idrett og frivillige organisasjonar.

Korona-viruset har ført til full oppbremsing av aktiviteten på ein stor del av sektorane i fylket. Både politikarar og fylkesrådmannen følgjer utviklinga tett.

– Vårt viktigaste bidrag i den nasjonale dugnaden er no å gjere det vi kan for å sikre livsgrunnlaget for enkeltpersonar, bedrifter og organisasjonar. Leiinga i fylkeskommunen følgjer situasjonen tett for å legge til rette for dette, seier fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland.

Stønad trass avlysingar
Fylkesordføraren har bestilt ei sak frå administrasjonen om kva tiltak Vestland kan bidra med for å halde hjula i gang for flest mogleg i denne situasjonen. Saka femner alle område der fylkeskommunen kan bidra. Saka skal opp i fylkesutvalsmøtet torsdag 26. mars, som vert avvikla som videomøte på grunn av korona-situasjonen. Fylkesordføraren er også i tett kontakt med LO og NHO for å drøfte løysingar.

Eitt grep som alt er tatt, er å utbetale støtte fullt støtte til kulturarrangement som får stønad frå fylkeskommunen, sjølv om dei må avlyse på grunn av virus-situasjonen. Dette er viktig for å sikre forutsigbarheit for aktørane i kulturlivet i denne vanskelege tida.

– Vi ser føre oss at det er ein del tiltak vi kan sette i verk på kort varsel. Opprustings- og vedlikehaldsprosjekt på bygningsmassen vår er til dømes eitt grep som vil kunne gje aktivitet for entreprenørar og handverkarar i alle delar av fylket. Vidare har vi ein del planlagde arbeid på fylkesvegnettet, som vil vere verdifulle for anleggsbedrifter. Det er derfor naturleg at vi i denne situasjonen legg til rette for tidlegare oppstart av desse arbeida så tidleg som råd, seier Askeland.

Dialog med reiselivsnæringa
Fylkesordføraren ser at det er nokre område, der strakstiltak vil ha avgrensa effekt.

– Samstundes er det andre område der det er vanskeleg å ta grep som gjev rask effekt, slik som til dømes innan reiseliv, der det kan ta lang tid å kome i gang att etter ein slik periode med avbestillingar og reiserestriksjonar. Fylkeskommunen vil ha tett dialog med bransjen, for å få opp att drifta.