Heim   >   Fylket   >   Vestland lyser ut miljøpris

Utsikt over Aurland og Aurlandsfjorden i noverande Vestland. No lyser Vestland ut ein eigen pris for nokon som gjer ein ekstra innsats for å ta vare på klima og miljø. Illustrasjonsfoto: Marianne Løvland/NTB scanpix/NPK.

Vestland lyser ut miljøpris

No inviterer Vestland fylkeskommune til å nominere personar, lag, organisasjonar og verksemder til den første klima- og miljøprisen i fylket.

Prisen på 70.000 kroner skal gå til nokon som har gjort ein ekstra klima- og miljøinnsats. Fylkesordførar Jon Askeland seier at dei både leitar etter dei gode døma i kvardagen og dei gode forretningsideane.

– Fellesnemnaren for vellukka klima- og miljøarbeid er haldningar og vilje til å ta grep. Vi ynskjer med klima- og miljøprisen å løfte fram dei gode døma, dei som viser veg og dei som motiverer andre, seier han i ei pressemelding.

Andre stikkord for prisen er kreativitet og evne til nyskaping. Prisen skal vere til inspirasjon og motivasjon for andre aktørar i fylket.

Alle kan nominere kandidatar til klima- og miljøprisen, og fristen er 28. februar.

(©NPK)