Heim   >   Fylket   >   Vestland inviterer til dialogmøte

Fylkesordførar Vestland, Jon Askeland (Sp) Foto: Margunn Sundfjord/NPK.

Vestland inviterer til dialogmøte

Fylkesordførar Jon Askeland og fylkesvaraordførar Natalia Golis i Vestland inviterer til dialogmøte fredag 24. januar. Agendaen er å setje retning for Vestland. – Vi «gønner» og «grønner» på, seier Askeland og Golis.

Det første dialogmøtet for heile Vestland blir fredag 24. januar, med tema «Vegen mot 2030». Da skal innleiarar, tilhøyrarar, nasjonale og lokale politikarar snakke om rett kompetanse for framtida, ei berekraftig næringsutvikling og visjonar for Vestland.

– Med utgangspunkt i FNs berekraftsmål nummer 17, samarbeid, ser vi fram til dialog og innspel for finne dei gode løysingane for å utvikle Vestland i lag. For å nå målet om nullutslepp i Vestland innan 2030 treng vi dessutan innspel og inspirasjon frå alle, seier Fylkesordførar Jon Askeland og fylkesvaraordførar Natalia Golis i ei pressemelding.

Totalt er 280 deltakarar påmelde. Blant dei er representantar for næringslivet, prosessindustrien, akademia, lokale og nasjonale politikarar, ungdomspolitikarane, representantar frå ulike lag, organisasjonar og interesserte påmelde frå heile fylket. Møtet skal gå føre seg på Amalie Skram vidaregåande skule i Bergen. (©NPK)