Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) og fylkesvaraordførar Natalia Golis (MDG).

Vestland fylke skal bli plastsmart





Fylkesvaraordførar Natalia Golis (MDG) meiner strategien er banebrytande, sjølv om det ikkje er veldig mykje fylkeskommunen kan gjere åleine med plastbosset som flyt rundt i havet.


– Vestland har tidlegare vore ambisiøse på klimakutt. No skal vi vedta eit hårete mål om null plast ut i naturen, seier ho til avisa.


– Først og fremst skal vi feie for eiga dør. Det betyr at skulane våre, vegane og andre bygg skal drivast på ein måte som gjer at vi ikkje får plast på avvegar derfrå. Men fylket skal også bidra til å samle alle gode krefter i næringsliv, forsking og friluftsliv for å redusere plastutsleppet, seier Golis.


(©NPK)