Både fylkesordførar Anne-Gine Hestetun i Hordaland (t.v.), framtidig fylkesrådmann Rune Haugsdal i det nye Vestland fylke og fylkesordførar Jenny Følling i Sogn og Fjordane blir med på dialogmøta om det nye storfylket. Foto: Hordaland fylkeskommune.

Vestland fylke inviterer til dialogmøte

Frå byrjinga av februar til slutten av april blir innbyggjarane i Hordaland og Sogn og Fjordane inviterte til møte for å kome med innspel til vegen vidare for det nye Vestland fylke.

– Det viktigaste målet med møtet er at det skal vere ein open post der vi vil ha innspel frå alle som har noko på hjarta, og som vil påverke vegvala for arbeidet med samfunnsutviklinga til den nye fylkeskommunen, seier fylkesordførarane Anne Gine Hestetun (Hordaland) og Jenny Følling (Sogn og Fjordane) i ei felles melding på nettstaden til den nye fylkeskommunen.

Fakta og innspel

Både Hestetun og Følling vil vere til stades på alle møta. Også Rune Haugsdal, som blir fylkesrådmann i det nye fylket, blir med. Han er fram til 1. januar 2020 prosjektleiar for samanslåingsprosessen og skal på møta fortelje korleis den nye fylkeskommunen kjem til å bli organisert.

Målet med møta er med andre ord både å formidle informasjon og ta imot innspel om den nye fylkeskommunen. Innspela skal samlast i eit utfordringsdokument for Vestland fylke som skal liggje til grunn for den nye regionale planstrategien, heiter det.

Opne for alle

Dei tillyste møta er opne for alle, men representantar for kommunane, regionråda og viktige nærings- og samfunnsaktørar er spesielt inviterte.

Her er tid og stad for dialogmøta om det nye Vestland fylke:


  1. februar: Bergen

  2. februar: Voss

  3. februar: Gulen

  4. mars: Førde

  5. april: Leirvik


(©NPK)