Det nye Vestland fylkesting er samansett av 65 representantar. Foto: Hordaland fylkeskommune.

Vestland feira seg sjølv

– Vestland blir på storleik med Oslo. Ambisjonen må vere å bli større enn Oslo, sa nærings- og moderniseringsminister Monica Mæland i talen til det nye Vestland fylkesting i Håkonshallen.


Det nyvalde Vestland fylkesting, pluss dei to noverande fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane, i tillegg til mange inviterte gjester, møttest i Håkonshallen tysdag for å feire den nye fylkeskommunen.


– Dette er ein historisk og høgtideleg dag. Vi har valt å ha tre forvaltingsnivå, og vi skal bidra til å gjere fylkeskommunen best mogleg rusta til å møte utfordringane framover. Fylka skal få meir ansvar for utviklinga i eigen region. Vi vil gjere samfunnsutviklarrolla sterkare. Der går Vestland føre. Vestland må bli ein god kulturbyggjar, finne gode måtar å jobbe på for å skape best mogleg tenester til innbyggjarane. Eg skal heie på Vestland og følgje svært godt med, sa Monica Mæland i helsingstalen sin, omtala på nettstaden hordaland.no.


Dei to fylkesordførarane Anne Gine Hestetun og Jenny Følling ønskte velkomen. I samanslåingsprosessen har dei vore leiar og nestleiar i fellesnemnda for samanslåinga.


– Eg vil takke Anne Gine Hestetun og Jenny Følling for jobben med samanslåing. No ønskjer eg velkommen til samarbeid til beste for innbyggjarane i Vestland. Vi må skilje sak og person, vise respekt, vere rause og gå laus på oppgåvene med godt humør, sa den nye fylkesordføraren Jon Askeland.


Vestland blir det tredje største fylket i landet med 630.000 innbyggjarar. For at by og land skal spele på lag har Askeland resepten klar:


– Samhald, handlekraft og patriotisme. Vestland er det mest spennande av alle fylka. For med vår eigenart har vi unikt høve til å få nye oppgåver, desentralisere makt, vere motmakt og skape nytt. Vestland må lukkast for at regionreforma skal lukkast, sa fylkesordførar Jon Askeland. (©NPK)