Eit eksempel på korleis den visuelle identiteten til nye Vestland fylkeskommune skal sjå ut. Eit utsnitt av kartet i spreke fargar skal vere ein del av identiteten. Foto: Vestland fylkeskommune/Tank Design.

Vestland får sprek identitet

Nye Vestland får ein sprek og fargerik identitet. Det er Tank Design som står bak prosjektet, som dei har valt å kalle «Overblikk».


Konseptet er ei forenkla framstilling av landskapet sett frå eit fugleperspektiv. Det er teikna inn mellom anna fjord, skog, fjell, byar og tettstadar, og fylkeskommunale tenester som veg, vidaregåande skular og tannklinikkar har fått sine eigne kjenneteikn.


– For dei med geografisk kunnskap og skarpt blikk kan ein sjå kor i fylket kartutsnittet er henta frå. Det er mogleg å variere utsnittet og fargane, men uttrykket vil opplevast som likt og attkjenneleg for fylkeskommunen sine produkt, seier påtroppande kommunikasjonssjef Hilde Jorander Mæland. (©NPK)