Heim   >   Fylket   >   Vestland – best på reiseliv

Vestland – best på reiseliv

Lesarinnlegg av Noralv Distad, 2. kandidat til fylkestinget Vestland Høgre:

Vestland Høgre har store ambisjonar for reiselivet. Vestland skal vera det mest attraktive reisemålet i Noreg, til glede for gjestene, reiselivsbedriftene og lokalsamfunna i heile fylket.

Skal næringa utvikla seg vidare, må det vera nødvendig infrastruktur og eit skatte- og avgiftsnivå som stimulerer til investeringar. Vestland må ha ein tydeleg profil som attraktiv heile året.

Vestland Høgre vil støtta tiltak som legg til rette for heilårs reiseliv, med tilgjengelege attraksjonar og aktivitetar. Turistar som kjem til Vestland utanom sommarsesongen gjev positive tilbakemeldingar, difor er det viktig å støtta Fjord Norge si satsing på vintersesongen  og kampanjen «Go Viking».

I reiselivet er transport også oppleving, difor må me ha heilårs rutetilbod og me må leggja betre til rette for bruk av tilgjengeleg  offentleg transport. Godt etablerte «Norway in a Nutshell» og nye «Travel like the locals» er glimrande døme på vellukka produktpakking og verdiskaping.

Naturen med fjord, fjell og brear er spydspissane i reiselivsproduktet vårt. Eit sterkt naturprodukt vert endå sterkare i kombinasjon med landbruks- og matkultur og eit mangfald av kulturtilbod.  Vestland Høgre vil ha eit mangfald i reiselivet, med både store og små bedrifter og anlegg. Reiselivsnæringa er viktig i alle delar av fylket, og med stort potensiale både i bygd og by.  Vestland må kunna ta imot store internasjonale konferansar og vera vertskap for utanlandske filmprosjekt.

Ei framtidsretta reiselivsnæring må vera miljøvennleg. Elektrifisering av transport er eit viktig bidrag slik det skjer både i privat og offentleg regi. På same måte er det viktig å elektrifisera hamnene i fylket, slik at skip kan nytta landstraum. Vestland Høgre vil ha reduserte utslepp, men ikkje redusert turisttrafikk. Me vil ta i bruk kompetanse og teknologi som sikrar berekraft for framtida.