Duoen Vestavill består av sopran Ingvill Holter (t.v.) og pianist Marita Kjetland Rabben. Pressefoto.

Vestavill med konsert på Sandane

Fredag 12. oktober kjem duoen Vestavill til Sandane og Lauget kaffi og kultur med konserten «Optisk bedrag».

Vestavill består av sopran Ingvill Holter og pianist Marita Kjetland Rabben, og oppstod i 2007, då musikarane studerte ved Griegakademiet i Bergen. Duoen er kjend for å utfordre rammene til den klassiske musikken – og liedsjangeren spesielt – med humor og nye innfallsvinklar til musikken.

I fjor haust gav Vestavill ut debutplata «Optisk bedrag», og sidan har dei turnert land og strand med platerepertoaret. Men dette blir duoen sin første konsert i Sogn og Fjordane.

Hovudverket på plata er eit bestillingsverk av den norske komponisten Trygve Brøske, skrive spesielt til Vestavill. Musikken er spekka med humor og underlege innfall frå komponisten, og umogleg å sjangerfeste. Konsertprogrammet inneheld også songar av Dmitri Sjostakovitsj og William Walton. Til felles har musikken det surrealistiske og absurde – og ein stor dose svart humor. På konserten på Sandane får publikum også eit utdrag frå Edvard Grieg si kjende og kjære «Haugtussa».

Konserten vert av publikum skildra som eit herleg musikalsk samansurium av fantasi og realisme, russiske kattar som kan snakke – historier og musikk som ikkje liknar noko anna.

Videokunstnar Gunnar Fretheim har utvikla videoscenografi til konserten. Dette vil bli vist bak/rundt musikarane medan dei spelar.

Konserten er støtta av Norsk kulturråd og Fond for utøvande kunstnarar.